Til lukke med ny språklov

No image

(26.3.21) Torsdag 25. mars handsama Stortinget regjeringas framlegg til ny språklov. Med denne lova får Noreg si første heilskaplege språklov, som skal fremje norsk språk på alle samfunnsområde og styrkje og verne alle dei offisielle språka i Noreg.

I ordskiftet på Stortinget la mange vekt på den styrkte rolla Språkrådet vil få med denne lova.

– Formaliseringa av Språkrådets rolle som forvaltningsorgan er viktig for oss. Me gler oss til det vidare arbeidet, seier direktør i Språkrådet Åse Wetås.

Andregongshandsaming av lova i Stortinget er planlagd til 8. april.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter