Stipend frå Språkrådet

No image

(1.6.21) Språkrådet deler ut stipend til mastergradsstudentar som skriv oppgåve om klarspråk eller nynorsk rettsspråk. Kvart stipend er på 25 000 kroner.

Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søke.

Språkrådet deler ut stipend til ein student som skriv masteroppgåve om klarspråk.

Vi er spesielt interesserte i problemstillingar som tar utgangspunkt i konkrete kommunikasjonsprodukt eller arbeidsprosessar. Problemstillinga kan gjerne koplast til overordna tema som inkludering, demokrati og makt eller den internasjonale definisjonen av klarspråk.

Språkrådet skal dele ut eit stipend til ein student som hausten 2021 eller våren 2022 skriv masteroppgåve i rettsvitskap innanfor temaet nynorsk i jussen. Med nynorsk i jussen meiner vi her både fagterminologi, lovspråk, anna juridisk fagspråk og rettsreglar om nynorsk.

I tillegg til stipendsummen får studenten tilbod om kontorplass hos Språkrådet nokre dagar (etter nærare avtale) og høve til å samarbeide med rådgivarar i Språkrådet.

Studentane kan rette spørsmål om moglege oppgåvetema til seniorrådgivar Jan Erik Bangsund i Språkrådet eller førsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Universitetet i Oslo.

Krav til søknaden

Søknaden må innehalde

  • ei skisse på éi side som gjer greie for problemstillinga og metoden og kor langt studenten er kommen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden på maksimum tre sider

Har du spørsmål til utlysinga eller ønskjer å diskutere temaet for oppgåva, kan du gjerne ta kontakt på stat@sprakradet.no. Merk e-posten med «Mastergradsstipend».

Språkrådet vil prioritere søknader som kan gi oss kunnskap om viktige nye utviklingstrekk.

Søknadsfristen for stipenda er 21. september. Det må komme klart fram kva stipend du søker om. Send søknaden på e-post til post@sprakradet.no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.06.2021 | Oppdatert:30.06.2021