Statsspråk: Nytt kurs skal lette arbeidet for kommunane

No image

(2.3.21) Etter endringane i stadnamnlova i 2019 fekk Språkrådet heile ansvaret for rådgjevinga som gjeld norske og kvenske namn. Språkrådet lagar no eit e-læringskurs for å rettleie kommunetilsette i stadnamnsaker.

I årets fyrste nummer av Statsspråk kan du lesa meir om korleis det offentlege arbeider med stadnamn. Du får gode råd mot vanlege skrivefeil, siste nytt om mållovsrapporteringa og informasjon om ein rettleiar for godt språk i lover og forskrifter.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.03.2021 | Oppdatert:30.06.2021