Språkstatus – rikets tilstand for språka våre

No image

(18.6.21) Språkdirektør Åse Wetås overleverte i dag ein rykande fersk Språkstatus 2021 til statssekretær Emma Lind i Kulturdepartementet.

Språkstatus er ein språkpolitisk tilstandsrapport som Språkrådet skriv kvart fjerde år. Rapporten skildrar det språklege landskapet i Noreg i dag og rissar opp utgangspunktet for dei norske språka innanfor ei rekkje sektorar og samfunnsområde. Det er viktig og nyttig kunnskap før den nye språklova trer i kraft 1.1.2022.

– Med språklova får alle verksemder i staten eit ansvar for språket sitt, for språket vårt – for at brukarane skal møte eit godt og korrekt språk når dei er i kontakt med det offentlege. Saman skal vi sikre at det norske språket er mangfaldig, brukarvenleg, klart og sterkt på alle samfunnsområde også i framtida, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Stortinget har utforma dei politiske måla for dei norske språka. Dei einskilde verksemdene veit no kor dei skal, men dei må sjølve leggje ein plan for korleis dei skal kome dit.

Skal ein lage eit godt vegkart, må ein òg kjenne utgangspunktet, vite kor ein står. Språkrådet deler kunnskapen i Språkstatus 2021 og ønskjer alle lukke til i arbeidet!

Språkstatus tek mellom anna opp desse spørsmåla:

  • Kva kan vi gjere for å motverke den engelskspråklege dominansen i norsk utdanning?
  • Kva kan vi gjere for å styrkje eit norsk fagspråk som arbeidsgjevarane spør etter?
  • Korleis står det til med norsken i helsevesenet? Forstår pasientane kva sjukehusa skriv?
  • Korleis skal døve barn få den undervisninga i norsk teiknspråk som dei har krav på?
  • Treng vi språkteknologi på norsk?
  • Og treng vi eigentleg nye lover også på nynorsk?

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.06.2021 | Oppdatert:30.06.2021