Språkprisen 2021: kortlista

No image

(13.10.21) Laurdag 23. oktober deler Språkrådet ut prisen for framifrå bruk av norsk i sakprosa under sakprosafestivalen på Litteraturhuset i Oslo. Prisen er på 100 000 kroner. Dette er kortlista.

Juryen har jobba fram ei kortliste på fire kandidatar.

Vinnaren blir gjort kjend måndag 18. oktober, og prisen blir delt ut av direktør i Språkrådet Åse Wetås laurdag 23. oktober klokka 13–14 på Litteraturhuset i Oslo. Der kan du òg høyre prisvinnaren i samtale med juryleiar Kaja Schjerven Mollerin. Velkomen!

Juryen er leia av litteraturkritikar og litteraturforskar ved Nasjonalbiblioteket Kaja Schjerven Mollerin. Med seg på laget har ho kulturhistorikar, folkemusikar, skribent, redaktør og dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet Knut Aastad Bråten, litteraturkritikar og redaktør i Prosa Merete Røsvik og litteraturkritikar og journalist i NRK Knut Hoem.

Språkrådet deler kvar haust ut språkprisen på 100 000 kroner for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen blir delt ut for bokmål og nynorsk annakvart år. Prisen kan gå til eit einskildverk eller til ein samla produksjon, men avgrensa til dei fem siste åra.

Dette er kortlista for 2021:


Katrine Sele | Foto: Bent Are Iversen

Katrine Sele (f. 1972) er nominert for Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak (Samlaget 2017) og Einars bok (Samlaget 2021). Sele er ein uredd og kjenslevar forteljar. Ho har eit skarpt blikk for detaljar, men òg for den høge himmelen over livet til einskildmenneska. Samla viser dei to utgjevingane det store repertoaret Sele har som skribent. I den eine boka oppsøkjer ho flyktningar på det gamle Jølster hotell, som i nokre år vart omgjort til asylmottak. Slik går ho inn i dei store politiske spørsmåla i vår tid: vald, krig, heimløyse, asylpolitikk. I den andre boka skriv ho stillfarande om ein liten gut som heitte Einar, som vart fire og eit halvt år og éin dag. Det handlar om eitt liv, og det hjarteskjerande dramaet i éin familie. Som forteljar tek ho aldri meir plass enn historia krev av henne. Nennsamt lèt ho særs ulike stemmer kome til orde. Ho gjer lite av seg, samstundes som ho gjer mykje: I eit ledig og i beste forstand enkelt språk som vender seg til lesaren, gjev ho oss innblikk ikkje berre i lagnaden til andre, men i tilværet sjølv.


Bjørn Hatterud | Foto: Tove Breistein

Bjørn Hatterud (f. 1977) skriv om seg sjølv i dei to bøkene som er nominert til Språkprisen 2021: Mot normalt (Samlaget 2018) og Mjøsa rundt med mor. Ei livsreise (Samlaget 2020). Bøkene gir oss innblikk i korleis det har vore å vekse opp som homofil gut med funksjonshemmingar i ein arbeidarfamilie på bygda og bli ein urban kunstskribent og forfattar med heimlengt – og av og til dårleg samvit for klassereisa han har gjort. Trass i at livet hans langt frå er ført til endes, er det eit rikt emne, fordi han har valt å utforske dei ulike måtane han skil seg ut frå det «normale» på, i staden for å prøve å minke eller skjule forskjellane. Slik veks det fram berikande refleksjonar, til dømes om at også kroppen har eit språk som kan gjere ein sjølvmedviten i møte med nye miljø, på same måte som ein sosiolekt eller dialekt ofte gjer det. Liverfaringane gir også fruktbare perspektiv på korleis det norske samfunnet har utvikla seg frå eit fattig bondesamfunn til eit rikt og urbant forbrukarsamfunn. Hatteruds stil er prega av frisk biletbruk, ofte med sleivspark til gjengse tale- og tenkjemåtar. Formuleringane signaliserer både politisk engasjement og svart humor gjennom referansar, litterære verkemiddel og setningsrytme så vel som innhald. Tekstane får dermed ein merkbar temperatur som gjer emnet til særs engasjerande sakprosa.


Siri Helle | Foto: Marit Brennset

Siri Helle (f. 1982) er nominert for bøkene Matmakt på butikken (Samlaget 2018) og Med berre nevane: Eit forsvar for praktisk arbeid (Samlaget 2020). Siri Helle er oppteken av å syne fram dei ressursane vi har i dette landet, og meiner at fleire av oss burde ha makta over dei. Matmakt på butikken er eit stykke gravande journalistikk, der Helle ser på korleis matvarekjedene styrer stadig meir av matforsyninga i landet. Med Med berre nevane. Eit forsvar for praktisk arbeid tar ho eit steg vidare inn i ei uvanleg fleirstemt forteljing. Den vesle boka er på mange vis ein parodi på sjangeren handbok, for forfattaren har eigentleg ikkje spesialkompetanse på det ho skal lære seg og dermed oss – å byggje ein utedass. Samstundes har boka òg handbokkvalitetar. Ein lærer faktisk mykje om korleis ein kan setje opp dette naudsynte husværet. Men mest av alt er dette ei handbok i overført tyding. Handa og hendene er det berande motivet. Kva skjer med eit samfunn som ikkje held ved like den nevenyttige kunnskapen? Siri Helle argumenterer overtydande for at alle barn har rett til praktisk danning – ikkje berre dei som skal bli snikkarar eller røyrleggjarar. Ho snakkar med folk som har tankar om kva det vil seie å ta kroppen i bruk og lære seg til å gjere ting sjølv – med berre nevane. Eller som Helle sjølv seier det så enkelt: Handlag er òg ein dugleik. Helle vel ikkje dei openberre språklege løysingane. Ho går ein runde til, og slik finn ho ord og vendingar som sit betre. Det er «lita dame mot stort tre». Skriving er òg ein dugleik. Siri Helle har handlaget.


Arne Vinje | Foto: Skald

Ein gard. Ei grend. Eit land. Rundt om i dei fleste kommunar finst bøker vi kallar gards- og ættesoger – bøker som handlar om slektene i bygda og korleis livet var der. Desse bøkene er ein ofte gløymd del av dei litterære kjeldene våre, ikkje alle like høgt akta når folk snakkar om litteratur og kva litteratur er. Arne Vinje (f. 1951) har utforska sjangeren og skrive ei tjukk gards- og bygdehistorie frå garden Vesås i Vinje i Telemark. Store spel. Soga om Vesås i verda heiter boka (Skald 2020). Vinje klarer å sjå bygda og garden innanfor rammene av eit større univers: For å forstå utviklingslinene i dei minste bygdelaga må ein grave djupt og vidt, både i politikken og i generelle utviklingstrekk i samfunnet, og sjå samanheng mellom attgroing på heimgarden og klimautfordringar i resten av verda. Tittelen Store spel viser til Tarjei Vesaas sin roman Det store spelet, som handlar om nettopp garden og dilemmaet til hovudpersonen: Skal ein ta over garden, eller ikkje? Men Vinje syner også korleis slektene opp gjennom tida har tatt sjølvstendige val, selt gardar, busett seg andre stader, funne nye liv og ny meining. Intensiteten og eit leikande godt språk gjer at leselysta varer. Store spel er ei spennande reise gjennom tida – i Vinje og i Noreg – og med ei stor forteljarglede som gjer boka interessant for dei fleste – telemarking eller ikkje.

 

Kontakt:

Kaja Schjerven Mollerin, 46 79 92 40
Åse Wetås, 91 58 49 33

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter