Høyring om retningslinjene for normering

No image

(3.6.21) Framlegg til reviderte retningslinjer for normering av bokmål og nynorsk er sendt ut til allmenn høyring. Fristen for høyringssvar er 15. august.

Dokumentet Retningslinjer for normering av bokmål og nynorsk gjer greie for grunnlaget og prinsippa for Språkrådets arbeid med normering av dei to norske skriftspråka. Retningslinjene er ein viktig arbeidsreiskap i handsaminga av rettskrivingssaker.

Dei retningslinjene som gjeld i dag, blei vedtekne av styret i Språkrådet i 2015. Det dokumentet som nå er sendt til høyring, er ein noko revidert versjon av dei gjeldande retningslinjene. Grunnlaget for normeringa ligg i den språkpolitikken Stortinget har vedteke, seinast i handsaminga av språklova tidlegare i år.

I tråd med språklovsproposisjonen Prop. 108 L (2019–2020) vil framlegg til rettskrivingsendringar frå nå av bli sende ut til allmenn høyring før endeleg vedtak blir gjort. Denne høyringa innleier såleis det som blir ei fast ordning med høyringar om konkrete framlegg.

Frist for å svare på denne høyringa er 15. august 2021.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter