«Harde» fag får støtte til å bruke meir norsk

No image

(2.9.21) Nå kan det bli fleire lærebøker på norsk i fag der engelsk dominerer. Ei ny endring i tilskotsordninga for læremiddel i høgare utdanning kan bidra til meir norsk i matematikk og naturvitskap, teknologi- og ingeniørfag og økonomiske og administrative fag.

Sidan 1984 har Kunnskapsdepartementet finansiert ei ordning der forlag kan søkje om støtte til å gje ut læremiddel for høgare utdanning på norsk og samiske språk – den såkalla lærebokordninga. I utlysinga for denne hausten er tildelingskriteria endra slik at delar av midlane er øyremerkte til produksjon av norske læremiddel innanfor fag som er særleg utsette for domenetap – det vil seie fag der det norske fagspråket står i fare for å bli fortrengt av engelsk. Dei utvalde faga er matematikk og naturvitskap, teknologi- og ingeniørfag og økonomiske og administrative fag.

Ny språksituasjon krev nye tiltak

Føremålet med lærebokordninga har vore å stimulere til produksjon av læremiddel på norsk og samiske språk som det elles ville vore lite kommersielt grunnlag for å gje ut. Med endringane som nå er gjorde, er ordninga betre tilpassa språksituasjonen i høgare utdanning i dag, ein situasjon som er prega av internasjonalisering, aukande bruk av engelsk – og altså fare for domenetap for norsk. Samstundes skal ordninga framleis støtte utgjevingar på samiske språk og gje særskild støtte til utgjevingar på nynorsk.

Ei endring for framtida til norsk fagspråk

Endringane er òg i tråd med dei overordna måla i språkpolitikken. I språklova, som tek til å gjelde i 2022, er det eit overordna mål at norsk språk skal kunne brukast på alle samfunnsområde. Læremiddel på norsk er viktig for at studentar skal kunne tileigne seg eit norsk fagspråk. Dette vil i sin tur leggje eit grunnlag for at dei neste generasjonane av fagfolk skal kunne diskutere og formidle faget sitt på norsk. Slik bidreg endringane til at vi også i framtida kan ha ein opplyst, norskspråkleg samfunnsdebatt om teknologi, økonomi og naturvitskaplege emne.

I tråd med språkpolitiske prioriteringar

Lærebokordninga vart vinteren 2019/2020 gjennomgått av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku), på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Føremålet var å vurdere om ordninga burde endrast i lys av språksituasjonen i høgare utdanning. I rapporten frå gjennomgangen, som vart lagd fram i juni i år, rådde Diku til at ordninga i større grad burde rette seg mot faga som er mest dominerte av engelsk fagspråk. Endringane i tildelingskriteria er gjorde på grunnlag av denne tilrådinga.

Gjennomgangen av lærebokordninga vart først varsla i stortingsproposisjonen om den nye språklova (Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk). Der erklærte regjeringa at dei ønskte ein gjennomgang av lærebokordninga, og i grunngjevinga la dei vekt på at det i dei seinaste åra har vore ein tydelegare tendens til domenetap for norsk.

Les Dikus rapport om lærebokordninga og Dikus nettside om ordninga, med lenkje til utlysinga av midlar for denne hausten. Fristen for å søkje om midlar var 24. september 2021.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter