Den viktige språkopplæringa

No image

(17.3.21) – Dersom det skal stillast språkkrav til helsearbeidarar, er det viktig at dette går hand i hand med eit betre opplæringstilbod. Det seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, til spørsmålet om nasjonale krav til norskkunnskapar blant helsearbeidarar i Noreg.

I ei undersøking frå 2020 såg forskingsstiftinga Fafo på oppdrag frå Språkrådet nærare på den språklege kvardagen på ein sjukeheim i Oslo. Undersøkinga viste at både utanlandske og norske tilsette var positive til at det vart stilt språkkrav. I tillegg ønskte dei tilsette tettare oppfølging og språkopplæring tilpassa det nivået kvar enkelt er på.

– Mange stader i Noreg er ein heilt avhengig av utanlandske tilsette i helsesektoren. For pasientar og pårørande, men òg for dei tilsette sjølve, er det viktig at helsearbeidarane lukkast med å lære seg godt norsk, seier Åse Wetås.

Arbeidsplassen er ein viktig arena for medarbeidarar som skal lære fagspråket i helsesektoren, men det trengst òg systematisk språkopplæring. Det kan lønne seg på lengre sikt – også økonomisk, seier Wetås:  

– Det vil alltid vere kostnader knytte til språkopplæring. Men kva er alternativet? Skal vi ha språkkrav, må vi sørge for opplæring som hindrar at språkkrava held folk ute av arbeidslivet. Ei slik investering i språkopplæring vil kunne gi god avkastning både for arbeidstakarane og for samfunnet som heilskap, trur Wetås.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter