Strengare språkkrav i den digitale skulen

No image

(2.7.20) Den nye opplæringslova må sikre at elevane får digitale læremiddel og digital infrastruktur på eige hovudmål. Språkrådet meiner lovutkastet gjev nynorskelevane dårlegare læringsvilkår enn bokmålselevane.

Det er mykje positivt i framlegget til ny opplæringslov, men lova sikrar ikkje godt nok dei språklege interessene til elevane, og ho tek ikkje godt nok omsyn til dei språklege mindretala i den norske skulen.

Lova vidarefører retten eleven har til å velje læremiddel på eige skriftspråk og kravet om at læremiddel skal liggje føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Språkrådet meiner likevel at lovutvalet opererer med ei for snever forståing av kva eit læremiddel er.

– Læremiddeldefinisjonen er utforma slik at appar og andre digitale læringsressursar som blir brukte i dagens digitale skulekvardag, stort sett fell utanfor lovverket. Vi meiner lova må innehalde ein oppdatert læremiddeldefinisjon som sikrar at elevane får ein reell rett til læremiddel og læringsressursar på hovudmålet sitt. Alternativet er eit framhald av dagens situasjon der eksterne aktørar får styre språkbruken i skulen, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Språkkravet må også gjelde kontorstøtteprogram, læringsverktøy og operativsystem som elevane bruker i skulekvardagen.

– I dag har nynorskelevar pc-ar og nettbrett utan tilgjengeleg operativsystem på nynorsk. I skriveprogramma dei bruker, ligg det ikkje føre nynorsk ordliste og stavekontroll. Skal nynorskelevane ta del i den digitale opplæringa på lik linje med bokmålselevane, må òg den digitale infrastrukturen vere på nynorsk, presiserer Wetås.

Behov for sentrale ordningar

I dag er det kommunane og fylkeskommunane som har ansvaret for at elevane får dei læremidla dei har krav på. Det er ein omfattande jobb for ein liten kommune å vurdere og godkjenne ei stor mengd læremiddel. Når ansvaret er lokalt og kjøpekrafta er lita, er det dessutan vanskeleg å få gjennomslag hjå dei store (internasjonale) leverandørane.

Difor meiner Språkrådet at forskriftene til den nye lova må leggje til rette for sentrale ordningar som kan sikre at kommunane og fylkeskommunane etterlever krava i lova, og at retten elevane har til læremiddel på eiga målform, blir oppfylt.

– For eksempel kan eit sentralt læremiddelregister gjere jobben lettare for kommunane. Registeret bør basere seg på kvalitetskriterium frå Utdanningsdirektoratet, og det bør omfatte både trykte og digitale læremiddel, attpå digitale verktøy brukt i skulen, seier Wetås.

 

Kontakt:

seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.07.2020 | Oppdatert:02.07.2020