Stipend til mastergradsoppgåve om tilpassing av importord i norsk

(31.8.20) Språkrådet lyser ut inntil to stipend på 25 000 kr til mastergradsstudentar som skriv oppgåve om tilpassing av importord i norsk.

Utlysinga rettar seg til studentar som arbeider med emne som har å gjere med tilpassing av skrivemåte i samsvar med norsk rettskriving (òg kalla norvagisering) og eventuelt også tilpassing til norske bøyingsklassar. Prosjekta må omfatte innsamling av bruksdata ved hjelp av korpus. Studentane står elles fritt til å velje emne og innfallsvinkel i oppgåva.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter