Pris for god målbruk i krisetid

No image

(16.9.20) Kulturdepartementet skal kåre årets nynorskkommune 2020. Prisen, som er på 100 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

I år vil juryen prioritere kommunar eller fylkeskommunar som har brukt nynorsken godt i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronakrisa.

– Språket bind samfunnet saman, og i krisetider er det ekstra viktig med klart og godt språk. Men det er òg viktig å syte for at mindretalsspråk ikkje kjem under press. Vi vil difor gjerne heidre kommunar og fylkeskommunar som gir klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes. Ho leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

I tillegg ynskjer juryen at kommunane kan vise til

  • at dei nyttar og synleggjer nynorsk i kommunale planar, i utetterretta kommunikasjon og i kulturarbeidet i kommunen
  • at dei har retningsliner for nynorskbruk og nynorsk opplæringstilbod for tilsette i kommunen
  • at dei har tiltak for nynorsk i næringslivet
  • at innvandrarar og flyktningar får opplæring i og på nynorsk
  • at barn i barnehagar og barneskular får møte nynorsk tidleg

Kven som helst kan nominere

Alle som har late seg imponere av nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Språknøytrale kommunar kan òg nominerast.

– I språknøytrale kommunar hamnar nynorsken ofte i ei utsett stilling. Nynorskbrukarar skal òg ha viktig informasjon på sitt eige språk, på same vis som bokmålsbrukarane. Nøytrale kommunar som fremjar nynorsk, fortener difor merksemd og påskjøning, seier Kvarenes.

I fjor var det Ålesund kommune som stakk av med prisen.

– Ålesund går føre som eit godt eksempel og viser at alle kommunar kan få til godt nynorskarbeid, seier Kvarenes.

Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 1. oktober 2020.

I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS. 

Kontakt: juryleiar Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89


Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter