Nytt mastergradsstipend: språk og koronavirus

No image

(2.4.20) Språkrådet lyser ut ekstrastipend på 25 000 kroner til mastergradsstudentar som skriv oppgåve om klarspråk eller fagspråk i samband med utbrotet av koronaviruset SARS-CoV-2.

Stipendet kjem i tillegg til dei ordinære utlysingane.

Det kan bli aktuelt med fleire tildelingar.

Det er særleg behov for kunnskap om

  • korleis styresmaktene, fagmiljø eller fagpersonar i helsesektoren nyttar fagspråk og terminologi i fagtekstar eller i kommunikasjon med ålmenta
  • korleis språk og visuell utforming gjer at tekstar blir enkle eller vanskelege å forstå

Søknaden må innehalde

  • ei skisse på éi side der ein gjer greie for problemstillinga og metoden og kor langt ein er komen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden på maksimum tre sider

Søknadsfristen er 1. oktober 2020. Søkjarane må merkje søknaden med «koronastipend» og sende han til post@sprakradet.no.

Stipendmottakaren må skrive under på ei avtale der Språkrådet mellom anna får rett til å publisere oppgåva på internett dersom Språkrådet ønskjer det.

Kontakt: Har du spørsmål til utlysinga eller ønskjer å diskutere temaet for oppgåva, kan du gjerne ta kontakt på post@sprakradet.no. Merk også denne e-posten med «koronastipend».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.04.2020 | Oppdatert:02.04.2020