Ledig stilling i Språkrådet (fristen er utløpt)

No image

(10.1.20) I Språkrådet er det ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i arbeidet med kvenske stadnamn og arbeidet med minoritetsspråk.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva til den som blir tilsett, er å gi råd om kvenske stadnamn og skaffa fram grunnlagsmateriale for tilrådingar om skrivemåten av kvenske stadnamn. Rådgivaren skal dessutan informera om lov om stadnamn (stadnamnlova) og vera kontaktperson mellom brukarane og stadnamntenesta. Arbeid med dokumentasjon av kvensk høyrer òg til stillinga.

Vidare skal rådgivaren ta del i arbeidet for å styrkja og synleggjera minoritetsspråka i Noreg, særleg dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. På dette området er det særleg aktuelt å driva informasjonsarbeid både overfor dei aktuelle språkmiljøa og overfor allmenta gjennom informasjonskanalane til Språkrådet. Dokumentasjonsarbeid kan òg vera aktuelt.

Kvalifikasjonar

Søkjaren må ha utdanning i språkfag på masternivå frå universitet eller høgskule og må kjenna kvensk og finsk godt, slik at ho eller han vil kunna skriva namnetilrådingar saman med konsulenten for kvenske stadnamn. Søkjaren bør ha røynsle frå arbeid med stadnamn, språkleg dokumentasjon og minoritetsspråkarbeid elles. Arbeidsspråket i namnetilrådingane er norsk, og søkjaren må difor meistra norsk godt.

Personlege eigenskapar

Du må vera initiativrik og sjølvgåande og kunna ta ansvar for eigne tiltak og prosjekt. Sidan mange av oppgåvene i stillinga krev at du samarbeider med andre miljø, må du lika utetterretta arbeid og ha særs gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr

  • eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo, annan arbeidsstad kan avtalast i særlege tilfelle
  • subsidiert kantine
  • trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønt som rådgivar i stillingskode 1434, 496 100–542 400 kroner i året (lønssteg 56–61), eller som seniorrådgivar i stillingskode 1364, 552 800–627 700 kroner i året (lønssteg 62–69).

Staten legg vekt på mangfald. Ein kan søkja stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn. Hol i cv-en er inga hindring.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Daniel Gusfre Ims, telefon 22 54 19 56, mobil 95 76 51 52.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter