Kulturministeren legg fram språklov på historisk dag

No image

(12.5.20) For første gong blir statusen til norsk språk, norsk teiknspråk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka lovfesta. Det er historisk sus over lovframlegget som kulturminister Abid Raja presenterer for Stortinget – på dagen 135 år etter jamstillingsvedtaket.

På ein pressekonferanse klokka 11 i dag presenterte kulturministeren lovframlegget og ei heilt ny stortingsmelding om språk. Med det har vi fått framlegg til ei heilskapleg norsk språklov og ei stortingsmelding som skal stake ut kursen for den norske språkpolitikken i åra som kjem.

I lovframlegget blir det slått fast at det offentlege i Noreg har ansvar for nynorsk og bokmål, norsk teiknspråk, samiske språk og nasjonale minoritetsspråk. Språklova skal avløyse mållova, som regulerte tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i staten.

– Den norske språkpolitikken skal verke i alle delar av samfunnet. Språklova gjev offentleg sektor ansvar for å møte borgarane med eit klart og brukarretta språk. Det er viktig for demokratiet og rettstryggleiken, seier språkdirektør Åse Wetås.

I stortingsmeldinga blir det sektorovergripande ansvaret for språkpolitikken presisert. Det går ut på at kvar einskild sektor i staten og kvart departement har ansvar for å følgje opp språkpolitikken på sitt felt.

I meldinga blir det vist til område som er særleg viktige for norsk språk i framtida. Mellom anna blir språkdimensjonen i IKT-politikken og kultur- og mediepolitikken drøfta, og god norskopplæring og utvikling av norsk fagspråk blir framheva.

– Språk er kultur. Fellesspråket vårt er også den viktigaste infrastrukturen i det norske samfunnet. Difor treng vi ein offensiv språkpolitikk som sikrar at norsk kan vere eit samfunnsberande språk i framtida, seier Wetås.

Framlegget til språklov er historisk på meir enn éin måte. I dag er det 135 år sidan Stortinget oppmoda regjeringa om å jamstille det norske Folkesprog med det almindelige Skrift- og Bogsprog. Det såkalla jamstillingsvedtaket var eit av dei viktigaste vedtaka som førte til offisiell jamstilling mellom bokmål og nynorsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter