Gratulerer med morsmålsdagen!

No image

(21.2.20) Den internasjonale dagen for morsmål vart innført av UNESCO i 1999 og markert for fyrste gong i 2000. Målet med dagen er å fremje det språklege og kulturelle mangfaldet i verda.

Den 21. februar 1952 vart studentar skotne og drepne av politiet i Dhaka. Grunnen var at dei demonstrerte for å få morsmålet sitt, bengali, godteke som det eine av to nasjonalspråk i det dåverande Pakistan. Dhaka er i dag hovudstaden i Bangladesh.

Det er venta at over halvparten av dei 7000 talespråka i verda vil forsvinne innan utgangen av dette hundreåret. Norsk er eit stort og livskraftig språk i verdssamanheng, men i Noreg har vi også fleire små og truga mindretalsspråk. Både dei små og store språka våre er morsmål og hjartespråk for morsmålsbrukarane, og både norsk, norsk teiknspråk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes er ein viktig del av den nasjonale kulturarven vår. Alle språka våre treng eit sterkt vern om dei skal leve i framtida.

– Dersom språkbrukarane ikkje kan bruke morsmålet sitt, vil terskelen for å delta i samfunnslivet bli høgare. Morsmålet er ein del av identiteten vår, og mangelen på morsmål kan gjere det vanskeleg å dyrke lokale kulturtradisjonar. Det at mange språk døyr, er dårleg nytt, ikkje minst for minoritetsspråkbrukarar, og det vil i tillegg ha negative konsekvensar for arbeidet med global forståing, toleranse og dialog, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.02.2020 | Oppdatert:24.02.2020