Godt nettår!

No image

(8.1.20) Vi er over i eit nytt (ti)år, og det er tid for å gjere opp rekneskap. I 2019 hadde vi nesten 4,4 millionar sidevisingar på språkrådet.no. Kva ville de oss?

Mykje som før

Lista over forkortingar var den mest lesne sida i fjor, som før om åra. Ho blei vist 137 000 gonger. På andre og tredje plass kom sida om rett bruk av og og å og sida om galen bruk av ord og uttrykk. Dei blei viste om lag 60 000 gonger kvar.

Ikkje overraskande er Språkhjelp den mest besøkte seksjonen på nettsidene, med over ein million visingar. I tillegg blei svarbasen vår brukt over halvannan million gonger i 2019.

Skjemt og usemje er populært

Den nyhendesaka som blei mest lesen i 2019, var aprilspøken Språkrådet skifter navn til OrdNOR med over 15 000 visingar. Den neste på lista var Språklig signalfeil, med 2 700 visingar, tett følgd av Navn skal være gjenkjennelige, som hadde 2 500 visingar.

I serien Aktuelt ord var artikkelen Jernteppe eller hjerneteppe den mest populære; 12 000 av dykk var innom og kika på den.

 

Velkomen tilbake i 2020!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.01.2020 | Oppdatert:12.02.2020