Unge snakkar engelsk med danskar

No image

(28.3.19) Éin av tre under 30 år byter ofte til engelsk når dei snakkar med danskar, viser ei ny undersøking frå Språkrådet.

På oppdrag frå Språkrådet har Opinion undersøkt kva haldningar nordmenn har til dei skandinaviske språka. Det viser seg at nordmenn er delte i synet på om danskar er lette å forstå. Kvar tredje respondent meiner det er lett å forstå dansk tale, medan like mange synest det er vanskeleg. Det er vanlegare å byte til engelsk enn å fordanske språket, og det er helst dei unge som legg om til engelsk.

– At vi kan kommunisere saman på morsmåla våre, er viktig for den skandinaviske identiteten, og nabospråkforståinga gjer det mogleg for oss å løyse viktige samfunnsoppgåver saman. Fellesskapen blir svekt når engelsk blir minste motstands veg, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Medan dei som er under 30 år, gjerne tar i bruk engelsk når dei pratar med danskar, vel dei over 30 heller å fordanske ord for å gjera seg forstått. I den same aldersgruppa svorskar dei med svenskar. Dei som er eldre, brukar berre norsk.

– Før vart folk meir eksponerte for nabospråka. I dag blir engelsk stadig meir dominerande på dei plattformene ungdommen brukar, slik som YouTube, Netflix og dataspel. Vi er urolege for at barn og unge skal velja bort morsmålet sitt på fleire og fleire område, seier Wetås.

Dei fleste forstår svensk godt

Over 80 % av respondentane i undersøkinga meiner det er lett å forstå svensk tale. Få nordmenn over 30 år legg om til engelsk med svenskar. Det er vanlegare å forsvenske ord enn å fordanske ord.

Det er folk i Nord-Noreg som forstår svensk best, medan oslofolk og sørlendingar er dei som forstår dansk best.

Nordmenn er negative til dubbing

Svært få av dei spurde i undersøkinga ynskjer at skandinaviske filmar og fjernsynsseriar skal bli dubba. Det store fleirtalet føretrekkjer undertekstar når dei skal sjå på nordiske seriar.

– Det er eit mål for den nordiske språkpolitikken at språka våre skal vera sterke og levande. Det er avgjerande for språkforståinga at vi høyrer og les nabospråka. Dubbing svekkjer språkforståinga og undergrev den nordiske fellesskapen. Difor er vi glade for at dei fleste vil høyre originalspråket i svenske og danske seriar, meiner Wetås.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.03.2019 | Oppdatert:09.08.2019