Språkrådet fryktar at elevane blir dårlegare i norsk

No image

(17.6.19) Språkrådet er uroa over framlegget til ny læreplan. Ei svekking av sidemålsopplæringa vil få alvorlege konsekvensar for den samla norskkompetansen til elevane og den samla språkkompetansen i det norske samfunnet. Det vil vere eit brot med hovudmåla i den norske språkpolitikken.

– Når det skal lagast nye læreplanar for skulen, må det innebere ei satsing på nynorsk som sidemål, så vel som på nynorsk som hovudmål. Bokmålselevane treng å lære meir nynorsk, og nynorskelevane treng å bli tryggare i språket sitt, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte skriftspråk i Noreg. Fordi nynorsken står svakare i samfunnet enn det bokmålet gjer, skal nynorsken styrkjast spesielt. Det er i tråd med den gjeldande språkpolitikken. Kunnskapsdepartementet har eit særleg ansvar for språkpolitikken i utdanningssektoren.

Elevane får ikkje djuplæring i nynorsk

Eit av føremåla med dei nye læreplanane er å gje elevane djuplæring. Men framlegget til ny læreplan inneheld ikkje tiltak som styrkjer nynorsken i opplæringa. Språkrådet kan ikkje sjå korleis elevane skal få djupkunnskap om norsk språk og bli språkleg trygge utan at nynorsken får ein større plass i undervisinga.

– Ei svekking av nynorsken i opplæringa vil få alvorlege konsekvensar for den samla norskkompetansen til elevane og for vilkåra til nynorsken, seier Wetås.

Språkrådet meiner dette må til for å sikre ei god utvikling for nynorsken i skulen og nynorskkompetansen i storsamfunnet:

  • tidleg start med nynorsk for alle elevar
  • kompetansemål som løftar fram nynorsken som det minst brukte av dei to jamstilte norske skriftspråka
  • god progresjon i nynorskopplæringa gjennom heile utdanninga
  • eigen sidemålskarakter i undervegsvurderinga på 8. og 9. årssteget og i vg1 og vg2 på studieførebuande utdanningsprogram

Saknar språkhistorie og dialektkunnskap

Elevane må få bli kjende med historia om bokmål, nynorsk og dei norske dialektane tidleg, slik at dei får eit medvite forhold til språket og det norske språkmangfaldet. Dei må òg få lære om og reflektere over språkhistoria gjennom heile skulegangen. Det som læreplanen legg opp til at elevane skal lære seg om språkhistorie og talespråk, vil ikkje gje dei god nok kunnskap om språksituasjonen i Noreg, slik Språkrådet ser det.

Ynskjer større språkmangfald

Skal læreplanen vere i tråd med dei prinsippa som Stortinget har gjeve for språkpolitikken i Noreg, må han òg ta omsyn til dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. Læreplanen bør dessutan gje elevane kjennskap til norsk teiknspråk og vise kor viktig det er å forstå dei andre skandinaviske språka.

 

Kontakt

seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes, tlf. 948 94 789

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.06.2019 | Oppdatert:09.08.2019