Språkprisen 2019: kortlista

No image

(28.10.19) Ikkje før har støvet lagt seg etter bokmessa i Frankfurt, så skal vi til å feire litteraturen igjen, med pris og festivitas. Språkrådet deler ut språkprisen for framifrå bruk av norsk i sakprosa 20. november på Litteraturhuset i Bergen.

Juryen har jobba fram ei kortliste på fire kandidatar av alle dei mange nominerte og vurderte. Juryen er leia av pensjonert forlagsredaktør Sverre Tusvik, og med på laget har han førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (UiO) Toril Opsahl, litteraturkritikar og redaktør i Prosa Merete Røsvik og litteraturkritikar og journalist (NRK) Knut Hoem.

Vinnaren blir gjort kjend måndag 18. november, og prisen blir delt ut av direktør i Språkrådet Åse Wetås onsdag 20. november klokka 18–20 på Litteraturhuset i Bergen. Der skal vinnaren intervjuast av Jens Kihl, som òg skal leie jurymedlemane gjennom ein panelsamtale om saklitteratur.

Prisen er på kr. 100 000,-

Her er kortlista:


Allkunne logoAllkunne er eit digitalt leksikon som frå 2009 har publisert elektronisk kvalitetsinnhald på nynorsk. Det er drive av Nynorsk kultursentrum og har utvikla eit artikkelformat som skil seg frå andre oppslagsverk. Korte basistekstar og lengre utdjupingstekstar har ingressar, og med god nynorsk språkføring er stoffet utforma så det skal kunne forståast av elevar i ungdomsskulen. Ingressane er interessevekkande og karakteriserande, der myndige vurderingar stundom har med paradoksale fakta eller overraskande opplysningar. Form og innhald, kjeldebruk, nøkkelord, peikarar og faktaboksar er prega av brukarvennlege redigeringskrav. Det er lagt vinn på aktive setningar, framfor passiv- eller substantivkonstruksjonar. Uvanleg mange oppslagsord, emne og artiklar handlar om språk. Ei konsekvent og eintydig språknorm styrker inntrykket av at redaksjonen prioriterer god nynorsk språkføring like høgt som at innhaldet skal vere fagleg påliteleg og oppdatert.


Kristin Fridtun | Foto: Lene Sørøy NeverdalKristin Fridtun (f. 1987) har markert seg som ein særs språkmedviten skribent med filologi som spesialfelt. Ho har hatt eiga språkspalte i vekeavisa Dag og Tid i drygt ti år og debuterte som forfattar med boka Norsk etymologisk oppkok i 2012. Ho er nominert til Språkprisen for bøkene Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay (2015), Homoflokar (2018) og Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt (2019). Bøkene viser ein forfattar som er i stand til både å formidle fagkunnskap og argumentere ryddig og lettfatteleg, samtidig som tekstane har karakteristiske innslag av språkleik og humor – gjerne sjølvironiske. Kombinasjonen av gode analytiske evner og evna til sjølv å finne klargjerande språklege bilete gjer Fridtuns tekstar både lærerike og underhaldande. Fridtun skriv konservativ nynorsk med så god flyt at lesaren raskt venner seg til former som «mestsom» og «andsynes». Ho nyttar også gjerne personlege erfaringar til å belyse allmenne problemstillingar. Slik har ho utvikla ein stil det er lett å identifisere som «fridtunsk».


Are KalvøAre Kalvø (f. 1969)er ein av dei fremste komikarane i landet, og han er det på framifrå nynorsk. Han har underhalde det norske folk i ei årrekke frå scenen og på radio. I tillegg har han vist språklege musklar i ei rekke bøker. At det Kalvø skriv er underhaldande, handlar ikkje berre om innhaldet, men også om rytmen mellom flyt, vendingar og bråstopp (det ein i bransjen kallar «timing»). I Hyttebok frå helvete (2018) legg Kalvø ut på ei reise til Besseggen og Hardangervidda, som samstundes er ei reise innover i han sjølv. For korleis kan det ha seg at han, som er oppvaksen i naturskjønne omgivnader på Sunnmøre, er lunken til naturen og ikkje kan fordra å gå på tur? Er det noko å gjere med dette, no som alle rundt han postar bilete av fjell på Facebook? Kalvø tek beina fatt. Dette gjer han med eit tvisyn som fører tankane til Aasmund Olavsson Vinje og hans klassiske essay «Ferdaminne fraa Sumaren 1860». Kalvø er ute på ein større tur. Det er sjølve Det Norske han er ute etter. Gjennom reiser inn i Grunnlova, til alskens kinarestaurantar, ja til og med til Syden, søkjer han å forstå kven vi eigentleg er.


Norsk språkhistorieI november 2018 låg Norsk språkhistorie føre i fire band. Dei 2500 sidene er forfatta av eit stort forskarkollektiv under kyndig leiing av hovudredaktørane Helge Sandøy og Agnete Nesse – i tett samarbeid med ei redaksjonsgruppe. Dei tre første banda tar for seg språkstruktur, språkbruk og språkideologi, før det siste bandet samlar trådar i ei kronologisk framstilling. Språket vårt, både som system, gjenstand og idé, blir levandegjort gjennom ulike røyster og ulike syn, som aldri kjem i vegen for fagleg etos. Forfattarane har valt målform og stil sjølve. Alle røystene, dei fleste av dei kledde i nynorsk språkdrakt, får halde på særpreget sitt, men held seg trygt innanfor rammene av offisiell rettskriving. Såleis vert verket i seg sjølv eit uttrykk for krafta som ligg i spenninga mellom einskap og mangfald i språkhistoria vår. Verket ber bod om at norsk språk om kort tid ikkje berre handlar om fortida, men òg har relevans for framtida.

 

Kontakt:

Sverre Tusvik, 91 78 72 27
Åse Wetås, 91 58 49 33

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter