Nytt nummer av Termposten

(21.6.19) Termposten er ute med nytt nummer og i nytt format. Nyheitsbrevet er nå nettbasert slik at det er i tråd med reglane for universell utforming.

Termposten inneheld dei same delane som før med mellom anna nyheitsnotisar, presentasjon av termbasar, aktuell term og portrettintervju. I denne utgåva kan du til dømes lese intervju med vår nye terminologimedarbeidar Ann-Helén Langaker, lese om Nordterm 2019 og få vite meir om termbasen Electropedia.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter