Mykje å gle seg over i den nye språklova

No image

(23.8.19) Forslaget til ny språklov byr på gode nyheiter for dei norske språkbrukarane, meiner Språkrådet. Lovforslaget er ute på høyring nå, og etter planen skal det endelege forslaget til ny språklov leggjast fram for Stortinget våren 2020 saman med ei språkmelding.

– Vi er glade for at det nå kjem eit forslag til ei heilskapleg norsk språklov. Den nye lova gjev auka status til både norsk, norsk teiknspråk, dei samiske urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka. Dette er svært gledeleg, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Lovforslaget inneheld mellom anna reglar som skal erstatte mållova. Dette er den mest omfangsrike delen av forslaget. Dagens mållov regulerer bruken av nynorsk og bokmål i staten. Lovforslaget slår fast at Språkrådet er statens forvaltingsorgan for språk, og at Språkrådet har ansvaret for forvaltinga av dei to norske skriftspråka.

– Rolla til Språkrådet vert styrkt og formalisert på nye område. Dette vil forenkle arbeidet vårt med å sikre god tilgang til språk for alle, seier Wetås.

Språkrådet merkar seg òg at lovforslaget inneheld ei presisering av at namn på statsorgan skal finnast på norsk og følgje offisiell rettskriving.

Frå målform til skriftspråk

Språkrådet meiner det er positivt at lovforslaget legg opp til å omtala nynorsk og bokmål som skriftspråk, heller enn som målformer. Dette er ein naturleg konsekvens av at nynorsk og bokmål i dag skal normerast på sjølvstendig grunnlag. Tidlegare var det eit mål at nynorsk og bokmål skulle nærme seg kvarandre, men dette prinsippet gjekk ein vekk frå på 2000-talet.

Språkrådet vil bruke tida framover til å studere alle detaljane i lovforslaget.

– I høyringssvaret kjem vi til å vurdere nøye kor godt lovteksten speglar hovudmåla i språkpolitikken. Kjernen i denne politikken er at norsk skal vera i bruk på alle samfunnsområde, og at språkbrukarane både skal kunna møte og bruke språket sitt i det norske samfunnet, seier Wetås.

 

Kontakt

seniorrådgjevar i Språkrådet, Erlend Lønnum, tlf. 466 82 708

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.08.2019 | Oppdatert:23.08.2019