Eit språk som er vårt

No image

(29.1.19) Det norske språket er det sterkaste limet i det norske samfunnet. Det er det mange med makt som reflekterer for lite over.

Kronikk i Dagsavisen
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet og
Erik Ulfsby, styreleiar i Språkrådet

«Jeg har mer til felles med alle norske bønder enn en fransk nasjonalbibliotekar, og det er en god ting», skreiv direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre i Dagsavisen for to år sidan.

Den norske identiteten er uløyseleg knytt til det norske språket. For få generasjonar sidan var Noreg eit fattig samfunn, men det var likevel aldri tvil om at vi skulle ha eit eige norsk skriftspråk. Sidan har dette språket bunde oss saman.

Nye tider

Den sterke posisjonen til det norske språket har ikkje kome av seg sjølv. I over 100 år har styresmaktene lagt stein på stein for å byggje den norskspråklege grunnmuren. Vi har fått norskspråklege utdanningsinstitusjonar, og norsk har kome ut til folket på scener og skjermar. Norsk har vore sjølvsagt førstespråk på alle arenaer i samfunnet, og gjennom det har det blitt eit sterkt fellesskapssymbol.

Det store spørsmålet er kva vi gjer med norsken no som nasjonsbygginga i all hovudsak er eit tilbakelagt stadium i historia vår. Har vi forkasta tanken om norsk språk som limet i det norske samfunnet? Eller er vi så sterkt bundne saman på andre område at vi ikkje treng å verne om språket vårt lenger?

Dessverre har det skjedd noko med den solide språklege grunnmuren her i landet. Språkrådet ser tendensar som tyder på at norsk ikkje lenger alltid er det sjølvskrivne førstevalet, korkje i det offentlege eller det private. Vi brukar framleis ressursar på språk innanfor kultursektoren. Men når omsynet til norsk språk møter andre interesser, eller beint fram innfall, innanfor andre sektorar, må norsk ofte vike. Språkrådet meiner både offentlege og private aktørar i større grad burde tenkje over kva konsekvensar dette kan få for oss som samfunn. Når NTNU vil trekkje norske studentar med kampanjen «Challenge everything», handlar det om meir enn ein engelskspråkleg reklame.

Vern av verdiar

Vi skal ikkje svartmåle situasjonen for språket vårt i dag. Norsk er framleis eit samfunnsberande språk. Men dersom styresmaktene ikkje lenger er garantist for norskens sterke posisjon i samfunnet, er det ingen andre som står klare til å overta den rolla. Dersom stadig fleire statsorgan får byte til namn av typen OsloMet og Norec, samstundes som engelsk får ta over for norsk på stadig fleire utdanningsnivå, sender det eit svært uheldig signal til samfunnet.

Språket vårt har framleis høg status blant nordmenn. Språkrådet ser kvar dag kor stort engasjement norsk vekkjer, både som bruksspråk og som ein viktig del av vår kultur. Vern om norsk språk handlar om vern av verdiar, og styresmaktene må ikkje seie frå seg ansvaret dei har for språket.

Lek og lærd

Sjølv om ulike variantar av norsk har hatt ulik status opp gjennom historia, har vi gjennom eit felles språk bygd bru mellom høg og låg, lek og lærd. For at det skal halde fram slik, må styresmaktene leggje til rette for at norsk språk framleis skal ha ein uomtvista posisjon i det norske samfunnet. Dersom dei ikkje gjer det, risikerer vi å skape nye klasseskilje gjennom språk.

Vi ser dessverre døme på korleis det globaliserte språksamfunnet gjer forskjell på folk. For mange innvandrarar er norsk ein nøkkel til å fungere godt og få seg jobb i det norske samfunnet. Men ein høgt utdanna utanlandsk forskar kan kome til Noreg og bu her i mange år utan å lære seg norsk, om ho eller han vil det. Forskaren vil bli omtala som ein ressurs, og få snakkar om manglande integrering. Slik skulle det ikkje ha vore.

Folkets språk

I eit så globalisert samfunn som vårt kjem vi ikkje utanom engelskens posisjon som lingua franca. Det er likevel ikkje noko nytt at norsk konkurrerer med andre språk. Også under nasjonsbygginga gjekk det an å velje andre språk med rikeleg av prestisje, som dansk, tysk eller latin. Likevel valde ein norsk. Ein valde det fordi ein skulle byggje nasjonen, men òg fordi norsk var folkets eige språk. På same måte er det å velje bort det norske språket ein måte å fjerne seg frå folket på. Av og til er det viktige omsyn som seier at vi skal velje engelsk, og då skal vi gjere det. Men like ofte kan valet av engelsk skape større avstand mellom makta og folket.

Språklov

I somme land har arbeidet for eit sterkt nasjonalspråk gått utover andre språk. Nasjonsbygginga vår inneheld òg mørke kapittel, til dømes i behandlinga av språket og kulturen til kvenane, samane og taterane/romanifolket. I dag er det likevel toleranse for andre språk og ulike variantar av norsk som pregar det norske språksamfunnet. Ei nærliggjande forklaring er at vi har godteke at bokmål og nynorsk er to ulike uttrykk for den norske nasjonsdanninga. Saman utgjer dei nasjonalspråket vårt. Då blir det òg lettare å sjå at det ikkje er farleg å sleppe til andre språk. Forteljinga om det moderne Noreg skal difor vere ei historie om norsk, men òg ei historie om dei språka som utgjer nasjonen vår, nye som gamle.

For å sikre at norsk – bokmål og nynorsk – framleis skal vere limet i samfunnet vårt må det setjast i verk tiltak før det er for seint å snu. I Jeløyerklæringa har regjeringa forplikta seg til å gjere framlegg om ei ny heilskapleg språklov. Ei slik lov må stadfeste at norsk skal vere nasjonalspråket og det samfunnsberande språket i Noreg. Det må vere sjølvsagt at folk får bruke og møte dette språket i kvardagen.

Vi bør ikkje akseptere ei språkleg la-det-skure-haldning. Då risikerer vi å misse ikkje berre språket vårt, men meir av det vi er glade i.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.01.2019 | Oppdatert:09.08.2019