Frukostmøte med «Årets nynorskkommune»
(2.10.19) Kulturdepartementet og Språkrådet deler ut prisen Årets nynorskkommune 2019 på eit frukostmøte på Kulturhuset i Oslo 21. oktober.
Kvart år deler Kulturdepartementet ut prisen til ein kommune eller fylkeskommune som legg godt til rette for nynorsken. I år vil prisen gå til ein kommune som har gjort eit godt og medvite arbeid for å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma. Vinnaren får 100 000 kroner, og prisen blir delt ut av kulturminister Trine Skei Grande.
Kva slags språkansvar bør kommunane ta?
I samband med utdelinga av prisen blir det arrangert ein språkdebatt. Det er ikkje berre eit nasjonalt ansvar å følgje opp den norske språkpolitikken, det er òg eit fylkeskommunalt og kommunalt ansvar. Dette ansvaret er så viktig at det nå blir nedfelt i føremålsparagrafen i framlegget til ny språklov.
Paneldeltakarane får svara på korleis dei arbeider for å styrkje og utvikle det norske språket. Det vil òg bli diskutert korleis kommunane og fylkeskommunane kan vera aktive pådrivarar for språkleg mangfald i åra som kjem.
Panelet:
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Eva Vinje Aurdal, ordførar i nye Ålesund kommune
Tor Arne Gangsø, områdedirektør i KS
Even A. Hagen, fylkesordførar i Innlandet fylkeskommune
Jens Kihl er debattleiar.
Program:
08.30 Enkel frukost og kaffi
09.00 Velkomen og framsyning av filmsnutt
09.10 Utdeling av prisen Årets nynorskkommune
09.30 Paneldebatt
10.15 Slutt
Tid: 21. oktober kl. 08.30–10.30
Stad: Kulturhuset, Youngs gate 6, Oslo
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Sjå video frå Vinje, årets nynorskkommune i 2018.