Ansvar for fag, ansvar for språk

No image

(5.3.19) Språkrådet gir gjerne råd til fagfolk som ønskjer å utvikle fagterminologi, men det er fagfolka sjølv som må lage fagtermane og ta dei i bruk, ikkje minst innanfor digitalisering og nye teknologiområde.

Kronikk i Computerworld
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

«No må Språkrådet slutte å lage meiningslause fagtermar!» er ei ytring vi frå tid til anna høyrer frå fagfolk. «Kan Språkrådet godkjenne og føre opp fagtermane våre i ordbøkene?» høyrer vi frå andre fagfolk. Begge ytringane byggjer på ei mistyding av kva som er Språkrådets rolle i arbeidet med norskspråkleg terminologi. Det er fagfolk og ikkje Språkrådet som forvaltar fagspråket. Difor har fagfolk eit særskilt ansvar for å lage gode, norske fagtermar.

Språkleg samfunnsansvar

Fagfolk har eit stort ansvar for å skape og vidareutvikle eit levande fagspråk som gjer at vi kan snakke og skrive om alt frå digitalisering og kunstig intelligens til klima- og velferdsteknologi. Språkrådet skulle gjerne sett at fagfolka tek dette ansvaret på alvor, især på nye teknologiområde der engelsk rår grunnen.

Berre ved å bruke gode, norske fagtermar kan vi ha eit kunnskapsbasert ordskifte som inkluderer fleire enn folk i ein avgrensa fagkrins. Språk er òg demokrati, og deling av fagspråket sikrar den viktige koplinga mellom dei spesialiserte fagfelta og samfunnet.

Ansvar for å lage gode fagtermar

Norske fagtermar er lettare å forstå og lettare å bruke enn engelske. Gode, presise fagtermar er ein føresetnad for god maskinell prosessering av data, både i eittspråkleg kommunikasjon mellom offentlege eller private verksemder og i maskinell omsetjing mellom ulike språk. Norske fagtermar gjer det mogleg for språket vårt å vere med i teknologiutviklinga. Dei gjer det dessutan lettare for fagfolk, fagformidlarar og vanlege språkbrukarar å forstå kvarandre. Slik medverkar gode, norske fagtermar til at alle borgarar kan delta meir på like fot i det teknologibaserte framtidssamfunnet.

Difor er det viktig at fagfolk lagar fagtermar som datautvinning for data mining, brytningsteknologi for disruptive technology og standardinnstilling for default setting.

Fagtermar kjem sjeldan inn i vanlege ordbøker. Fagfolk bør difor sjølv ta initiativ til å utvikle terminologien på fagområdet sitt, slik at termane kan gjerast tilgjengelege i fagordbøker, termlister eller omgrepskatalogar for fagfellar, teknologiutviklarar og folk flest. Slik oppnår fagfolk presis og standardisert terminologi, og slik unngår fagfolk lokale, heimesnikra variantar.

Språkrådet er for tida med i terminologiprosjekt der fagfolk arbeider i grupper for å utvikle termlister i fag som kjemi, celle- og molekylærbiologi, klima osb. Andre fagmiljø kan lære av desse faggruppene. Mange av våre forslag til norske fagtermar kjem frå desse gruppene.

Ansvar for å bruke fagtermar

Ord som er nye og framande, verkar ofte rare og kunstige. Mange fagfolk kvir seg for å ta i bruk nylaga, norske fagtermar, men somme kjem over den høge terskelen. Eit døme på det er fagmiljøet i informasjonstryggleik ved NTNU, som tek ansvar for å gjere nye norske fagtermar kjende gjennom å bruke dei i fagbloggar. Slik blir dette fagmiljøet eit godt førebilete for andre fagmiljø.

Kva gjer Språkrådet?

Språkrådets oppdrag er å arbeide for at norsk språk skal kunne brukast og faktisk blir brukt på alle samfunnsområde. For å sikre eit levande fagspråk gir vi språkfaglege råd til fagfolk som ønskjer å lage fagtermar og setje i gong med å lage termlister i faggrupper. Vi oppsøkjer også strategisk viktige fagmiljø for å få dei til å setje i gong arbeid med fagtermar på sine område. Men i siste instans er vi alle avhengige av at alle fagmiljø tek sin del av det språklege samfunnsansvaret.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.03.2019 | Oppdatert:09.08.2019