Vinje er årets nynorskkommune 2018

No image

(19.11.18) Kulturdepartementet kårar Vinje i Telemark til årets nynorskkommune. Vinje kommune viser vilje til språk, meiner juryen.

I eit fylke der nynorsk er under sterkt press, utmerkjer Vinje kommune seg som ein tydeleg nynorskaktør.

– Nynorsk er eit mindretalsspråk og treng eit særleg vern. Det har Vinje kommune skjøna, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet, som har leidd juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

«På sitt trygge kulturgrunnlag har årets nynorskkommune arbeidd strategisk og kreativt for å gjere nynorsken til eit godt og levande bruksspråk. Det går klart fram av både planar og resultat at Vinje kommune har vilje til språk», heiter det i den skriftlege grunngjevinga frå juryen.

Juryen legg vekt på at Vinje kommune er ein føregangskommune i arbeidet for å gje innvandrarar norskopplæring på nynorsk, og at kommunen har kravt nynorsk i felles profilering av Vinje som reisemål. Prisen er på 100 000 kroner.

Statssekretær Jan-Christian Kolstø i Kulturdepartementet deler ut prisen på eit ope arrangement på Nasjonalbiblioteket 19. november kl. 12. Tom Roger Aadland syng Dylan på nynorsk, og Lise Fjeldstad les ein flunkande ny tekst av Jon Fosse.

 

Kontakt

kommunikasjonssjef i Språkrådet Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter