Norsk fagspråk blir nedprioritert

No image

(14.3.18) Norsk fagspråk er usynleg i dei overordna strategiane til høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. – Dette er urovekkjande når 9 av 10 studentar skal ut i eit norsk arbeidsliv, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Internasjonalisering er eit viktig mål for alle høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg, men arbeid for norsk fagspråk finst ikkje i dei overordna strategiane deira. Det viser ei undersøking som Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) har gjort på oppdrag frå Språkrådet.

– Norsk arbeidsliv tener ikkje på at studentane har språklege handikap når dei kjem ut i jobb. Difor må utdanningsinstitusjonane ta samfunnsoppdraget sitt på alvor og sikre vidareutvikling og formidling av norsk fagspråk.

Engelsk blir i stadig større grad brukt i både undervisning, pensum og forsking ved norske høgskular og universitet.

Ni av  ti til norsk arbeidsmarknad

Tal frå undersøkinga til NIFU viser også at dei sterke insentiva for å publisere forskingsresultat på engelsk får konsekvensar også på masternivå.  Medan åtte av ti hovudfagsoppgåver i 1986 vart skrivne på norsk, vart berre fem av ti masteroppgåver skrivne på norsk i 2016. Wetås meiner at det ikkje er nokon motsetnad mellom behovet for internasjonalisering og behovet for å ruste studentane best mogleg til eit norsk arbeidsliv.

– Globalt samarbeid er viktig, men vi veit at ni av ti studentar skal ut i ein norsk arbeidsmarknad. Då må dei kunne snakke om faget sitt på norsk. Vi veit dessutan at arbeidslivet etterspør kompetanse i norsk språk, seier Wetås.

Opp til kvart einskilt fagmiljø

Undersøkinga frå NIFU viser at dei fleste av dei overordna strategiane til universitets- og høgskuleorganisasjonane omtalar nasjonal arbeidsmarknad og praksisnær utdanning. Då er det eit paradoks at norsk fagspråk ikkje finst i strategidokumenta, meiner Åse Wetås.

– Det er tydeleg at utdanningsinstitusjonane ser på den norske arbeidsmarknaden som viktig. Eg synest det er rart at dei då ikkje prioriterer norsk fagspråk høgare. Når norsk fagspråk manglar i strategiane, blir det opp til kvart einskilt fagmiljø eller den einskilde faglæraren om studentane vert kjende med fagterminologien på det språket studentane primært får bruk for i arbeidslivet.

Norsk fagspråk og behova til arbeidslivet blir tema på Språkdagen 2018, som Språkrådet arrangerer i Oslo konserthus 15. mars.

 

Kontakt

kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
direktør  Åse Wetås, tlf.  915 84 933

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter