Ledig stilling i Språkrådet

No image

(8.11.18) Språkrådet lyser ut ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning. Den tilsette skal arbeide for å oppfylle dei språkpolitiske måla som er sette for opplæringa i skolen og for nynorskbruken i statsforvaltninga.

Seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning har eit særleg ansvar for språkopplæring, klarspråk, nordisk språkforståing og bokmål og nynorsk i forvaltninga.

Oppgåver

Den som blir tilsett, skal arbeide for å oppfylle dei språkpolitiske måla som er sette for opplæringa i skolen og for nynorskbruken i statsforvaltninga.  

Hovudoppgåvene er å

  • sikre at språkopplæringa i skolen følgjer overordna politiske føringar og tek språkpolitiske omsyn
  • skape jamnare vilkår for bokmåls- og nynorskelevar
  • arbeide strategisk og praktisk for å styrkje bruken av nynorsk i offentleg sektor

Rådgjevaren kan også få i oppgåve å utarbeide informasjon om språklege rettar i skolen (særleg rettar knytte til norsk, teiknspråk og minoritetsspråk). Sakshandsaming på mållovsfeltet høyrer til stillinga. Både på skolefeltet og på mållovsfeltet kan rådgjevaren bli beden om å gjere utgreiingsarbeid og skrive høyringssvar. Når det trengst, vil rådgjevaren bli sett til å utføre andre arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjoner

Søkjarar må ha

  • høgare utdanning på masternivå, gjerne i samfunnsfag eller pedagogikk
  • minst eitt språkfag i fagkrinsen
  • erfaring frå utdanningssektoren (anten forvaltninga eller skoleverket)

I særlege høve kan realkompetanse vege opp for manglande formalkompetanse.

Vi legg vekt på

  • god samfunnsforståing
  • kjennskap til språkpolitikken
  • erfaring med strategisk arbeid og planprosessar eller andre politiske prosessar
  • samarbeidsevner
  • evne til å arbeide strategisk, utetterretta og med syn for heilskapen

Solid kompetanse i både bokmål og nynorsk er avgjerande.

Lønn

Stillinga blir lønt som rådgjevar, stillingskode 1434, 488 500–534 100 kroner i året eller seniorrådgjevar, stillingskode 1364, 544 400–619 300 kroner i året.

Staten legg vekt på mangfald. Ein kan søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn eller funksjonsevne. Hòl i CV-en er heller inga hindring for å søkje.

 

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Margrethe Kvarenes, tlf. 22 54 19 74 / 948 94 789.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter