Ledig stilling i Språkrådet (fristen er utløpt)

No image

(14.3.18) I seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning er det ledig ei heil stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar.

Språkrådet søkjer etter ein ny rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning, som i dag har fem tilsette. Seksjonen har ansvar for fagfelta terminologi og fagspråk, norsk språkteknologi, språkbruk i høgare utdanning og forsking og språkbruk i arbeids- og næringslivet. Ei av dei sentrale oppgåvene er å fremje statusen til og bruken av norsk språk, særleg på område der språket er under press.

Den nye rådgjevaren skal

  • arbeide med strategiske tiltak for å styrkje det norskspråklege tilbodet på kultur- og mediefeltet, særleg i nye digitale løysingar
  • styrkje arbeidet med språk i arbeids- og næringslivet
  • utvikle kontakten mellom Språkrådet og andre aktørar på arbeidsfeltet
  • gjere utgreiingsarbeid og hente inn kunnskap om stillinga til det norske språket

Rådgjevaren kan òg få andre oppgåver når det trengst, så det er ein fordel å kjenne til dei andre arbeidsområda i seksjonen og i resten av organisasjonen.

Vil du søkje, må du ha høgare utdanning, helst på mastergradsnivå eller tilsvarande, gjerne i kulturfag eller mediefag, og det må vere språk i fagkrinsen. I tillegg til god samfunnsforståing må du ha god kjennskap til medie- og kulturfeltet generelt og det digitale medie- og kulturtilbodet særskilt. Kunnskap om norsk i arbeids- og næringsliv er ein føremon. Andre krav er relevant arbeidserfaring og erfaring med strategisk arbeid. Vi legg vekt på samarbeidsevne, initiativ, formuleringsevne og om du som person høver i stillinga. Solid norskspråkleg kompetanse i begge målformer er òg avgjerande.

Lønnsspenn kr 537 700–569 000 i året.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av direktør Åse Wetås, tlf. 915 84 933.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter