Ketsjup eller ketchup?

No image

(29.10.18) Velkomen til seminar i Bergen om tilpassing av utanlandske ord i norsk og andre nordiske språk.

I norsk har vi lang tradisjon for å tilpasse skrivemåten av utanlandske ord. Vi skriv i dag utan å blunke bløff, trøbbel og sjampinjong. Likevel ser vi at ein del tilpassa skrivemåtar har hatt vanskeleg for å slå gjennom – til dømes bagett, skvåsj og keitering. Er det grunn til å sjå på prinsippa for tilpassing av importord i norsk med nye auge? Kva kan vi lære av praksis og tendensar i nabospråka våre?

Desse spørsmåla er mellom dei som blir diskuterte på seminaret som Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon arrangerer 17. desember i Bergen. Det blir innlegg ved fagfolk frå Noreg, Island og Færøyane.

Seminaret er ope for alle interesserte. Påmelding er ikkje naudsynt.

Tid: måndag 17. desember 11.00–16.30
Stad: Mediebyen i Bergen (Media City Bergen), Lars Hilles gate 30

Program
11.00–11.05 Opning
11.05–11.45 Helge Sandøy (UiB):
Strategiar i normeringa av importord – ein kort historikk
11.45–12.25 Hanne Lauvstad (NAOB):
Importord i NAOB
12.25–13.30 Lunsj
13.30–14.10 Helga Hilmisdóttir (Háskóli Íslands):
Användning, anpassning och accepterande av importord i isländskan – vart är vi på väg?
14.10–14.50 Peder Gammeltoft (UiB):
Fuck, det er for meget, mand! – om tilpasning af importord i dansk, og lidt i norsk
14.50–15.05 Kaffi
15.05–15.45 Jógvan í Lon Jacobsen (Fróðskaparsetur Føroya):
Færøsk sprogpolitik i diakront og synkront perspektiv
15.45–16.25 Gisle Andersen (NHH og fagrådet):
Norvagiseringens muligheter og begrensninger på utvalgte fagområder
16.25–16.30 Avslutning

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter