Gratulerer med klarspråksprisane!

No image

(21.3.18) Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland har nett delt ut klarspråksprisane for 2017.

Klarspråksprisen for staten gjekk til Utdanningsdirektoratet, som har utvikla tilgjengelege og brukarvennlege nettsider om eit komplisert og regelstyrt fagområde.

Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune fekk klarspråksprisen for kommunane. Etaten har laga eit felles, gjennomarbeidd og langsiktig opplegg for klarspråk som kjem alle brukarane til gode.

Temaprisen, for godt språk i helse- og omsorgstekster, gjekk til Helse- og omsorgsdepartementet for forskrift om pasientbetaling for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetjenesten.

Jurist og seniorrådgjevar Bjørnar Stavenes fekk utmerkinga «Årets trekkhund». Han har vore ein viktig drivkraft i Mattilsynets vellukka klarspråksarbeid og sjarmerte publikum i senk med sin fengende klarspråkssong Jeg kan skrive (så du forstår det).

– Nivået på kandidatane har aldri vore høgare enn i år. Eg er imponert over resultata og det store engasjementet, seier juryleiar Cathrine Krøger.

  • Les meir om vinnarane og sjå opptak frå utdelingsarrangementet på klarspråk.no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter