Er din kommune årets nynorskkommune 2018?

No image

(15.10.18) Jobbar du i ein nynorskkommune som gjer ekstra godt språkarbeid? Då er det kanskje nettopp din kommune som bør bli årets nynorskkommune 2018.

Aktuelle kommunar og fylkeskommunar søkjer sjølve for å vere med i konkurransen. Prisen er på 100 000 kroner. Vinnaren blir ein nynorskkommune eller -fylkeskommune som tar særleg godt vare på den nynorske målforma. Kommunar som har søkt tidlegare, er velkomne til å gjere det igjen. Det er Kulturdepartementet som deler ut prisen.

– Nynorsken er under press, og i desse tider med både kommune- og fylkessamanslåingar er det ekstra viktig at nynorskkommunane gjer godt og medvite arbeid for denne målforma. I år vil vi derfor særskilt oppmode kommunar eller fylkeskommunar som skal slå seg saman, om å søkje om å få prisen, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet.

Juryen vil prioritere kommunar eller fylkeskommunar som

  • gjer eller har gjort godt og medvite arbeid med nynorsk i samband med kommunesamanslåingar
  • bruker og synleggjer nynorsk i kommunale planar
  • nyttar nynorsk aktivt i kommunikasjonsarbeid, til dømes på nettstaden til kommunen/fylkeskommunen, i digitale tenester, i skriftleg informasjon til innbyggjarane eller i marknadsføring av kommunen/fylkeskommunen
  • har utarbeidd eigne retningslinjer for nynorskbruk
  • har sett i verk tiltak som fremjar bruk av nynorsk i kommunale og interkommunale føretak
  • gir opplæring i god målbruk for tilsette i kommunen
  • tilbyr opplæring for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • driv aktiv marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • gjer ein innsats for nynorsk i barnehage og barneskule
  • har fått på plass tiltak som utvidar eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

– Vi vil heidre nynorskkommunar som bruker og synleggjer målforma både i skular og barnehagar, i norskopplæringa for innvandrarar og i marknadsføringa av kommunen, seier Kvarenes, som leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS. Merk søknaden «Årets nynorskkommune» og send han til post@sprakradet.no eller

Språkrådet
Postboks 1573 Vika
0118 Oslo

Søknadsfristen er 1. november 2018.

 

Kontakt

kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
seksjonssjef Margrethe Kvarenes, tlf. 948 94 789

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.10.2018 | Oppdatert:17.10.2018