Betre statistikk, betre ordskifte

No image

(12.11.18) Fersk statistikk over bruken av norsk og engelsk i forskingspublikasjonar utløyste nyleg eit viktig ordskifte om norsk fagspråk. Språkrådet meiner det er eit paradoks at det ikkje òg vert levert statistikk over bruken av norsk og engelsk i undervisninga i høgare utdanning.

Kronikk i Oslomets nettavis Khrono
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

I oktober publiserte Noregs forskingsråd (NFR) Indikatorrapporten, der det kom fram at berre 10 prosent av forskingspublikasjonane vart skrivne på norsk. Utviklinga syner at norsk mister fotfeste i akademia, særleg som publiseringsspråk i humanistiske fag. Rapporten har utløyst eit viktig ordskifte om framtida for norsk fagspråk.

Forskarar registrerer publiseringsspråk i basen Cristin, der ein kan hente ut oppdatert statistikk over kor mykje av forskingspubliseringa som er på norsk, fordelt på fagområde og institusjon. Det gjer at vi kan ha eit kunnskapsbasert ordskifte om statusen til norsk som forskingsspråk.

Men vi manglar ein tilsvarande oppdatert statistikk over språk i undervisninga, trass i at spørsmålet er svært relevant for dei over 273 000 studentane ved universiteta og høgskulane i landet.

Kvalitet i utdanninga

Kvaliteten i høgare utdanning heng saman med kva språk som vert nytta i pensumbøkene, i førelesingssalen og til eksamen. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) slår fast at kandidatane skal lære fagterminologien og kunne formidle faget sitt. I mange fag, som dei juridiske og humanistiske faga, er det utenkjeleg å skilje mellom det språklege og det faglege.

Institusjonane har utvikla språkpolitiske retningslinjer for parallellspråk for å sikre både norsk og engelsk fagspråk. Det legg til rette for gjennomtenkte språkval, særleg i undervisninga. Likevel har vi inga samla oversikt over kva språk studentane faktisk møter i førelesingssalen og pensumboka.

Verktøya finst

Det vert satsa stort på digitalisering og informasjonsforvalting i UH-sektoren. Det gjev godt grunnlag for å samle inn, registrere og handsame data på tvers av institusjonane i sektoren. Alle emnebeskrivingane skal innehalde felt for undervisningsspråk og kunne difor tenkjast å vere ein relevant kategori å hauste inn språkstatistikk frå. Men sjølv om slike data gjev ein indikasjon på planlagt språkval i førelesinga, seier dei lite om kva språk som er brukt i pensumlitteraturen i emnet.

Heldigvis finst det informasjonsverktøy for registrering av pensumlitteratur. Om sektoren innfører registrering av pensumspråk saman med andre data om pensumlitteraturen, vil vi kunne gjere automatiske datauttrekk som viser kor mykje dei ulike pensumspråka er i bruk. Då nærmar vi oss eit oversyn over kva språk studentane faktisk møter i undervisninga.

Regelbunden rapportering

Det vert jamleg publisert rapportar som legg grunnlag for viktige satsingar og avgjerder i UH-sektoren, til dømes Indikatorrapporten frå NFR og den årlege Tilstandsrapport for høgare utdanning.

Språkrådet meiner at UH-sektoren òg må ta spørsmålet om status for språk i utdanninga alvorleg og syte for regelbunden rapportering av faktisk språkval. Rapportering av kvalitet bør også omfatte rapportering av språk.

Både studentar og arbeidslivsaktørar meiner det er ein samanheng mellom kvalitet i utdanninga og bruk av norsk fagspråk. Norsk studentorganisasjon etterlyser handlekraft frå universiteta og høgskulane og har nyleg vedteke ein resolusjon for styrking av norsk fagspråk. I NHOs Kompetansebarometer 2018 skårar norsk språk nest høgst av all etterspurd kompetanse. Norsk er altså viktigare for næringslivet enn engelsk.

Skal vi få oversyn over kva språk studentane møter i utdanninga, må vi ha relevant, oppdatert statistikk over lengre tid. God statistikk er ein føresetnad for eit kunnskapsbasert ordskifte om statusen for norsk og engelsk fagspråk i UH-sektoren. Språkrådet utfordrar sektoren og tilhøyrande forvaltingsorgan til å gjere nytte av moderne informasjonsforvalting og nye digitale verktøy til å hauste inn dei dataa vi treng for å få kunnskap på feltet.

Slik kan institusjonane i UH-sektoren vise om dei faktisk tek det ansvaret dei etter lova har for å vidareutvikle norsk fagspråk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.11.2018 | Oppdatert:12.11.2018