Språkprisen 2017: Kortlista er klar

No image

(26.10.17) Språkrådet skal dele ut pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa den 15. november på Litteraturhuset i Oslo. Nå er kortlista klar med fem kandidatar.

Prisen er på 100 000 kr og vil bli utdelt på Litteraturhuset i Oslo 15. november 2017.

Juryen har lese seg gjennom ei mengde tekstar og har kome fram til desse kandidatane (i alfabetisk rekkefølge):

  • Åsa Elstad, historikar og førstekonservator ved Sortland museum
  • Alfred Fidjestøl, journalist, filosof, biograf og sakprosaforfattar
  • Jon Hustad, journalist og kommentator
  • Erna Osland, norsklærar og barne- og ungdomsbokforfattar
  • Morten Søberg, samfunnsøkonom og politikar

– Både hos dei nominerte og andre forfattarar vi har vurdert, finn vi auka medvit om at forma er like viktig som saka eller emnet. Fleire tillèt seg underfundige innspel, og somme demonstrerer dramaturgisk effektiv redigering. Ledig språk er ofte eit ideal, men målet er ikkje å skrive friksjonsfritt utan tankevekkande mothakar, seier leiar for juryen, Sverre Tusvik.

Prisutdeling 15. november på Litteraturhuset i Oslo

Vinnaren blir gjort kjent den 15. november, og prisen blir delt ut under eit arrangement på Litteraturhuset i Oslo same kveld, kl. 18.00. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Juryen har bestått av

  • Sverre Tusvik, leiar, pensjonert forlagsredaktør
  • Aina Basso, forfattar og historikar
  • Toril Opsahl, førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo
  • Morten A. Strøksnes, idéhistorikar, journalist og forfattar

Prisen blir gjeven for einskildverk eller produksjonar frå dei siste fem åra og kan gå til personar eller grupper (institusjonar, bedrifter, organisasjonar). Kandidatar til prisane kan koma frå næringsliv, forsking, undervisning (læremiddel), forvaltning, presse, teknologi, kulturliv (f.eks. bloggar) osv.

 

Kontakt

kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
juryleiar for Språkprisen, Sverre Tusvik, tlf. 917 87 227

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter