Språket og media

No image

(7.9.17) Det viktigaste norske medieprodusentar kan gjere for norsk språk, er å lage ting ungdom vil ha. Berre slik unngår vi at engelsk tek over som prestisjespråk, og at tekstkompetansen til ungdommane går ned.

Kronikk av språkdirektør Åse Wetås i medier24.com, 7.9.2017

Språkrådet har nyleg lansert Språkstatus 2017 – ein språkpolitisk tilstandsrapport for Noreg. Vi ser at norsk språk på visse område er pressa av engelsk. Eitt av desse områda er kultur- og medietilbodet til barn og unge.

Vi må snakke om dei unge

Det språkpolitiske målet for kultur- og mediesektoren er å sikre at det norskspråklege tilbodet kan hevde seg i konkurransen med det engelskspråklege. Særleg viktig er eit godt norskspråkleg tilbod for barn og unge.  

NRK Super og Aftenposten Junior er døme på gode tilbod for barn. Undersøkingar viser at dei minste barna møter mykje norsk når dei ser film og tv i kvardagen, og når dei oppdaterer seg på nyhende. Men medievanane endrar seg også i dei yngste aldersgruppene: Færre ser lineær tv, og fleire har YouTube som sin føretrekte medie- og underhaldningskanal. På YouTube møter så mange som ein tredel av dei minste barna oftast engelsk, medan halvparten av dei største barna oftast møter engelsk. Det er viktig å understreke at Språkrådet på ingen måte meiner at engelsk er eit problem i seg sjølv. Vårt poeng er at det er uheldig at det ikkje finst eit godt norskspråkleg tilbod på alle plattformer til dei yngste aldersgruppene av norske språkbrukarar. Dei må ha høve til å velje norsk når dei ønskjer det!

Barna blir utsette for meir engelsk di eldre dei blir. Undersøkingar viser at ungdom no har Facebook og Snapchat som sine føretrekte nyhendekanalar og  i mindre grad bruker det etablerte medietilbodet.

I Noreg har den rike avisfloraen ikkje berre gitt generasjonar av lesarar innsikt i nyhende. Dei har òg gitt lesarane gode skriftspråklege førebilete, trening i å lese begge dei to norske målformene og kunnskap om ulike sjangrar. Dei store endringane i både lesevanar og medielandskap dei siste ti åra gir grunn til uro. Dersom dei yngste aldersgruppene les mindre tekst, kan det få konsekvensar for den skriftspråklege utviklinga og tekstkunnskapen deira.

Tenk på nynorsk

I mars 2017 kom innstillinga frå mediemangfaldsutvalet. I utgreiinga blir dei språklege sidene av mediepolitikken i liten grad diskutert. Det står lite om korleis språkleg kvalitet kan gjerast til ei viktig oppgåve for norske avis- og mediehus, og om korleis vi kan sikre at nynorskaviser får den systematiske styrkinga som dei treng for å overleve.

Dei siste ti åra har det vore mange nedbemanningar i norske mediehus, og dei siste korrekturlesarane har forsvunne. Dessutan er publiseringsrutinane heilt endra. Saker blir lagde direkte ut på nett så snart dei er ferdig skrivne, og etter publisering blir dei løpande oppdaterte. Denne utviklinga gjer det vanskeleg å halde den språklege kvaliteten oppe. Det er lett å gløyme at nettekstar er like skriftlege som avistekstar på papir. Ein gyllen regel er at det gode språket skal vere plattformnøytralt. Tilliten til saksinnhaldet i teksten minkar når den språklege innpakninga er dårleg. Alle publikasjonar som ønskjer at lesarane skal ha høg tillit til innhaldet, bør ha eit godt, klart språk.

Noreg har alltid vore eit fleirspråkleg samfunn, men dei mindre språka våre har til dels vanskelege kår. Det gjeld både dei nasjonale minoritetsspråka og nynorsk. Media medverkar til å synleggjere det språklege mangfaldet i landet vårt. Eit språk treng å vere i bruk, og språkbrukarar treng å sjå at språket deira kan nyttast òg i det offentlege rommet. Derfor er det svært positivt at nynorsk som avisspråk nyleg har fått sleppe til i aviser der det tidlegare har vore redaksjonell praksis å stengje denne målforma ute. Vi vil gjerne sjå meir språkleg mangfald også på redaksjonell plass!

 

Språkdirektør Åse Wetås

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.09.2017 | Oppdatert:15.11.2017