Norskkompetanse er viktig for næringslivet

(12.1.17) Eit stort fleirtal norske bedrifter legg vekt på munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk, ifølge NHOs kompetansebarometer. Dette viser at også humaniora, og særleg norskfaget, er viktig for norsk næringsliv.

Den siste veka har det kome mange kommentarar etter Aftenpostens intervju med NHO-direktør Kristin Skogen Lund før NHOs årskonferanse 5. januar. Der kom det fram at NHO vil ha færre studieprogram og færre studentar i samfunnsfag og humaniora.

Alle målingar viser at næringslivet nettopp ser etter god kompetanse i skriftleg og munnleg norsk. Det viser også NHOs kompetansebarometer 2016 (NIFUs arbeidsnotat 2016:1), der kunnskap i både skriftleg og munnleg norsk kjem heilt i toppen av lista over ønskt kompetanse når bedriftene skal tilsette nye folk.

– Dette viser at næringslivet er avhengig av resultata av den gode forskinga og undervisninga som skjer i det sentrale humaniorafaget norsk, seier Språkrådets direktør Åse Wetås.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter