Norsk under sterkt press frå engelsk på mange samfunnsområde

No image

(4.9.17) Hovudtendensen i den nye språkpolitiske tilstandsrapporten frå Språkrådet er at engelsk vinn fram på mange samfunnsområde. Rapporten viser blant anna at barn og unge heilt ned i treårsalderen har eit mangelfullt norskspråkleg tilbod i dei nye media og i dataspel.

I «Språkstatus» trekkjer Språkrådet opp dei store linjene og tendensane for utviklinga av norsk språk, og skisserer dei største utfordringane for norsk framover. Det er fem år sidan den førre språklege tilstandsrapporten. Rapporten viser blant anna at berre tre av ti barn og unge under elleve år oftast møter norsk når dei ser videosnuttar på Youtube, og når dei spelar dataspel.

– Når vi veit at dataspel og korte videosnuttar er hyppig brukte mediekanalar for born og unge, er det viktig å sørgje for at det eksisterer eit godt og tilgjengeleg norskspråkleg tilbod. Barn treng å møte norsk i det som er ein avgjerande innlæringsfase for førstespråket deira. Språket i underhaldningskanalane vil òg påverke haldningane deira til norsk og engelsk som bruksspråk. Engelsk blir lett oppfatta som kult, medan norsk liksom er traustare. Kva status språka har i samfunnet, heng saman med kva dei blir brukt til, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Fleire funn

I universitets- og høgskolesektoren er stadig meir av undervisning, pensum og forskingspublikasjonar på engelsk. Dette er ein internasjonal trend, og vi ser sterke føringar i sektoren for meir internasjonalisering. Språkrådet arbeider med fleire prosjekt som skal styrkje norsk som fagspråk i denne sektoren.

Rapporten viser at det er ei klart meir positiv haldning til engelsk i reklame og marknadsføring i  befolkninga enn tidlegare. Det gjeld særleg unge under 30 år og folk som bur i byane. Kor mange som er negative til bruk av engelsk i reklame i Noreg, har falle frå 46 prosent i 2010 til 33 prosent i 2017. Det er likevel eit klart fleirtal i befolkninga som framleis meiner at engelsk språk i reklame ikkje fremjar auka sal.

– Dette er kanskje eit teikn på at engelsk er blitt såpass vanleg i reklame at folk ikkje lenger reflekterer over det. Vi meiner det er uheldig dersom stadig fleire språkbrukarar opplever at språket deira ikkje eignar seg til bruk på visse samfunnsområde. Det er ingen grunn  til at nordmenn skal ha svak språkleg sjølvtillit. Norsk skal kunne brukast overalt i samfunnet, men då har vi som språkbrukarar òg eit ansvar for å bruke det i alle samanhengar, seier Åse Wetås. 

Språkrådet set no ned eit eksternt ekspertutval som skal peike ut dei samfunnsområda der det i det kommande tiåret vil vere viktigast å setje inn språkpolitiske tiltak. Det gjeld å styrkje posisjonen til norsk språk og støtte opp om det overordna politiske målet om at norsk òg i framtida er det samfunnsberande språket i landet vårt.

 

Kontakt:

kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
direktør i Språkrådet Åse Wetås, tlf.  915 84 933

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter