No er det rett å skrive «gusjegul» og «gaselle»

No image

(19.6.17) Språkrådet har nyleg gjort fleire rettskrivingsvedtak. To av endringane er at det nå skal heite gusjegul og gaselle, medan det før heitte gursegul og gasell.

Språkrådet fastset kva som er gjeldande rettskriving. Det kan vere vedtak om skrivemåte og bøying av nye ord som kjem inn i språket, eller vedtak om endringar i skrivemåte og bøying av ord som har normert form frå før.

– Målet vårt med rettskrivingsarbeidet er at det skal vere enkelt for språkbrukarane å skrive norsk korrekt. Vi observerer språket i bruk og gjer vedtak om rettskriving for enkeltord der det trengst, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Nytt er det òg at fleire nye grunnstoff har fått vedtekne skrivemåtar i norsk. Det skjer etter initiativ frå kjemikarar.

– Språkrådet er svært glade for at eit fagmiljø har teke initiativ til å fastsetje skrivemåtar. Det er praktisk viktig, samtidig som det styrkjer posisjonen til norsk språk, særleg på fagfelt der engelsk er mykje i bruk, seier Wetås.

Her er lista over alle normeringsvedtaka:

Før:Endring:No bokmål:No nynorsk:
mormon

Mormoner (bokmål) og mormonar (nynorsk) blir alternativ form i eintal

mormon eller mormoner mormon eller mormonar
gasell (m.) gaselle blir eineform og kjønnet blir endra/justert gaselle (m./f.)  gaselle (f.)
unormert fastsett skrivemåte makak makak
unormert fastsett skrivemåte  postdoktor eller postdok postdoktor eller postdok
unormert fastsett skrivemåte av grunnstoffa frå 103 til 118 lawrencium lawrencium
    rutherfordium rutherfordium
    dubnium dubnium
    seaborgium seaborgium
    bohrium bohrium
    hassium hassium
    meitnerium meitnerium
    darmstadtium darmstadtium
    røntgenium røntgenium
    copernicium copernicium
    nihonium nihonium
    flerovium flerovium
    moscovium moscovium
    livermorium livermorium
    tenness tenness
    oganesson oganesson
gurse-, t.d. gursegul i bokmål, uklar rettskrivingsstatus i nynorsk gusje- blir eineform gusje-, t.d. gusjegul gusje-, t.d. gusjegul
unormert fastsett skrivemåte kvilt, kvilte og kvilting eller quilt, quilte og quilting  kvilt, kvilte og kvilting eller quilt, quilte og quilting

 

I tillegg er det gjort justeringar i attgjevinga av bokstavar (transkripsjon) frå fleire europeiske språk som brukar det kyrilliske alfabetet.



Kontakt

kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
direktør i Språkrådet Åse Wetås, tlf. 915 84 933

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.06.2017 | Oppdatert:15.11.2017