Time tildelt prisen Årets nynorskkommune 2016

No image

(23.11.16) – Det er gildt og ei stor glede å få ein slik pris, sa ordførar Reinert Kverneland då han mottok beviset på at Time kommune er den beste nynorskkommunen i landet.

Det var kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) som delte ut prisen under eit arrangement på Det Norske Teatret i Oslo måndag ettermiddag. Ein jury sett saman av medlemmer frå Språkrådet, nynorskorganisasjonar og KS har valt ut Time kommune blant seks nominerte kandidatar.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland og ordførar Reinert Kverneland | Foto: SpråkrådetKulturminister Linda Hofstad Helleland og ordførar Reinert Kverneland. Foto: Språkrådet

I grunngjevinga si legg juryen vekt på at kommunen har ei medviten haldning til språk og nynorsk i ein region der nynorsken er under press.

– Me er stolte av at me klarer å halde på nynorsken i kommunen, sjølv om Time berre ligg eit par mil frå Stavanger og éi mil frå Sandnes, seier ordførar Kverneland.

Han er viss på at eit aktivt og medvite språkarbeid har ført til betre språk i kommunen.

– Det var mykje dårleg språk i kommunen tidlegare. No har språket vorte klarare og meir forståeleg, fortel ordføraren.

Kommunen har blant anna organisert seg med eigne språkkontaktar i avdelingane, som møtest i nettverk der dei diskuterer språkspørsmål. Også juryen dreg fram dette arbeidet som ein viktig grunn til at Time kommune er Årets nynorskkommune 2016.

Prisen Årets nynorskkommune har vorte delt ut av regjeringa sidan 2009, og føremålet er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane. Blant tidlegare vinnarar finn ein kommunane Førde, Ørsta og Radøy, i tillegg til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.11.2016 | Oppdatert:23.11.2016