Støtte til terminologiarbeid i universitets- og høgskolesektoren

(29.9.16) Språkrådet lyser ut midlar til terminologiarbeid i universitets- og høgskolesektoren (UH-sektoren). Fagmiljø/fagpersonar i sektoren kan søkje om økonomisk støtte til å samle inn, registrere og gjere norsk terminologi tilgjengeleg på fagfeltet sitt.

Utlysinga gjeld toårige prosjekt som ønskjer å starte opp i 2016.

Kven kan søkje?

Prosjektgruppa må vere samansett av fagfolk i UH-sektoren. Det er ein føremon at prosjektet er forankra i eit av dei nasjonale fagråda eller profesjonsråda i Universitets- og høgskolerådet (UHR), men det er ikkje eit krav.

Prosjektgruppa kan også ha fagfolk frå tilstøytande sektorar, t.d. instituttsektoren, men prosjektleiaren og fleirtalet av prosjektmedlemmane må tilhøyre UH-sektoren.

Søknadsfrist: 1.11.2016

Former for støtte

Språkrådet lyser ut inntil 300 000 kroner fordelt på to år. Summen kan fordelast på fleire prosjekt.

Prosjektet kan nytte støtta til reise- og opphaldsutgifter i samband med arbeidsmøte i gruppa. Prosjektet kan også nytte støtta til lønsmidlar til fagpersoner eller andre (t.d. mastergradsstudent, stipendiat) som samlar inn fagtermar og definisjonar til arbeidsmøta og registrerer dei i ein termbase (t.d. Språkrådets termwiki eller andre).

Språkrådet bidreg med ein terminologisk rådgjevar til prosjektgruppa. Rådgjevaren kan gje språkhjelp til gruppa, t.d. i samband med fagtermar og definisjonar på begge målformer.

Språkrådet har erfaringar frå fleire terminologiprosjekt i UH-sektoren og kan tilby ein arbeidsmetode som er utvikla i samarbeid med fagfolk frå prosjekta. Erfaringane kan vere nyttige for dei som vil gjennomføre terminologiprosjekt, og vi oppmodar søkjarar til å lese meir om arbeidsmetoden. Andre fagfelt som nyttar metoden, er astronomi, kjemi, kjønnsforsking, klima og kognitiv lingvistikk.

Prosjektet bør halde eit oppstartsmøte med m.a. eit innføringskurs i terminologi på to timar. Rådgjevaren frå Språkrådet kan halde kurset.

Bakgrunn

I universitets- og høgskolelova heiter det i §1­–7 at «[u]niversiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk». Samstundes arbeider Språkrådet med å styrkje statusen til norsk språk i sektoren. Norskspråkleg terminologi er ein føresetnad for aktiv bruk av norsk i forsking, undervising og formidling ved høgskolar og universitet i Noreg. Arbeid med å utvikle termlister er difor eit viktig bidrag til at lovparagrafen kan verkeleggjerast og fyllast med konkret innhald.

Prioritering av søknadar (ikkje rangert)

  • prosjekt der namna på medlemmane av prosjektgruppa er fastsette
  • prosjekt med medlemmar frå fleire universitet og høgskolar
  • prosjekt som vil arbeide med norsk terminologi på fagfelt der pensum er hovudsakleg på engelsk
  • prosjekt med høg produksjon av terminologi

Vilkår

Resultatet av arbeidet må gjerast ålment tilgjengeleg utan at det kan knytast eksklusive kommersielle rettar til det.

Prosjektet må nytte ein termbase eller anna elektronisk løysing for å gjere terminologien fritt tilgjengeleg.

Prosjektet må registrere fagtermar på begge dei to norske målformene og engelsk. Den eine halvparten av definisjonane må vere på bokmål, den andre på nynorsk. Språkrådet kan yte hjelp til dette arbeidet.

Søknadsskjema

Her finn du søknadsskjema på bokmål og nynorsk [pdf].

Rapporteringskrav

Prosjektet som mottek støtte, må rapportere korleis dei har nytta støtta. Ein kort rapport må sendast til term@sprakradet.no når prosjektet er avslutta, seinast 31.12.2018. Rapporteringsmalen finn du på bokmål og nynorsk [Word].

  • Har du spørsmål, ta kontakt med Ole Våge, 22 54 19 79.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.09.2016 | Oppdatert:06.10.2016