Samarbeidspartnar til e-læringsprogram

No image

(4.7.16) Språkrådet skal utvikle eit e-læringsprogram i nynorsk for offentleg tilsette. No søkjer vi ein samarbeidspartnar som kan hjelpe oss med digital presentasjon og formidling.

Språkrådet står for det språkfaglege innhaldet, og leverandøren treng difor ikkje ha nynorskkompetanse. Budsjettramma for sjølve programmet er 700 000 kr ekskl. mva., i tillegg til opsjonar for 320 000 kr ekskl. mva. Fristen for levering av tilbod er 25. august.

Tilbodskonkurransen er publisert på Doffin. Der finn aktuelle leverandørar all naudsynt informasjon.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.07.2016 | Oppdatert:04.07.2016