Samarbeid for styrking av norsk språk

No image

(2.5.16) Språkrådet og Standard Norge skal saman styrke norsk språk og terminologi i tekniske standardar. Standardar er heilt naudsynte for norsk næringsliv fordi dei regulerer og forklarer korleis produkt blir laga, eller kva for krav som blir stilte til tenester. Standardar gjer òg kvardagen enklare for forbrukarane.

Standard Norge tilbyr standardar innanfor viktige område som mellom anna arbeidsliv, bygg og anlegg, helse og omsorg og IKT.

Dei siste åra har talet på standardar som blir omsett til norsk, vore lågt. Det ønsker Språkrådet og Standard Norge å gjere noko med. Vi vil samarbeide for å omsette standardar og utvikle norsk terminologi gjennom ei ny satsing. Initiativet vil gjere det lettare å bruke norsk fagspråk og terminologi på ei rekke område som vedkjem både bedrifter og borgarar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.05.2016 | Oppdatert:02.05.2016