Ope dagskurs i nynorsk torsdag 26. mai 2016

No image

(4.2.16) Språkrådet tilbyr eit ope dagskurs i nynorsk for statstilsette, med plass til 25 deltakarar. På kurset går vi gjennom dei viktigaste delane av formverket og stilideala i nynorsken.

Éin dag er ikkje mykje, og Språkrådet ventar difor ein viss forkunnskap i nynorsk. For dei som treng det, tilrår vi nettkurset vårt i nynorsk.

Som ein del av kursopplegget skal deltakarane sende inn sjølvskrivne tekstar før (innsendingsfrist: torsdag 12. mai) og etter kursdagen. Dei får individuell tilbakemelding på begge tekstane.

Tid: torsdag 26.5.16kl. 8.30–15.30
Stad: lokala til Språkrådet, Observatoriegata 1 B (ved Solli plass) i Oslo

Lunsj er inkludert, og kurset er gratis. Arbeidsgjevaren må dekkje eventuelle kostnader til reise og opphald.

Send påmelding til stat@sprakradet.no seinast torsdag 31. mars. Skriv «Påmelding til ope nynorskkurs» i emnefeltet, og få med følgjande informasjon:

  • fullt namn
  • mobiltelefon
  • arbeidsstad/statsorgan
  • stilling
  • arbeidsområde

Om pågangen blir stor, blir statstilsette som arbeider med skriving for nettsider og sosiale medium, prioriterte. Vi ber deg difor kort fortelje kva arbeidsområde du har, i påmeldinga.

Har du spørsmål om kurset, kan du skrive til stat@sprakradet.no eller ringje Aksel Torsnes Mehlum på tlf. 22 54 19 68.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.02.2016 | Oppdatert:04.02.2016