Ledig stilling i Språkrådet (fristen er utløpt)

(26.10.16) I seksjonen for administrasjon er det ledig ei heil stilling som førstekonsulent/rådgjevar. Vedkomande skal vere sekretær for styret i Språkrådet, gjere saksførebuing for leiinga og saman med arkivleiar ta del i drift og vidareutvikling av arkivtenesta i Språkrådet. Administrativt arbeid ved arrangementa til Språkrådet vil òg vere sentrale oppgåver.

Personen vi søkjer, må ha høgare utdanning. God kjennskap til arkivarbeid og saksbehandlingsrutinar i staten og svært gode skriftlege kunnskapar i begge målformer er ein føresetnad. Erfaring frå styrearbeid er ein fordel. Sørvisinnstilling, samarbeidsvilje og evne til å arbeide sjølvstendig er avgjerande. Vedkomande skal samarbeide tett med leiinga i Språkrådet, og det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Lønsspenn kr 435 500 – 507 100 kroner i året.

Staten legg vekt på mangfald. Alle kan søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av administrasjonssjef Karl Henrik Steinsholt, telefon 22 54 19 71, mobil 482 27 958.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter