Kringom er beste norske bedriftsnamn

No image

(14.6.16) Kringom får Språkrådets gulldiplom for det beste bedriftsnamnet i Noreg i NRK Nitimen i dag. Vinnaren er namnet på kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane, drifta av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Den siste månaden har Språkrådet i samarbeid med Nitimen og Arne Hjeltnes vore på jakt etter Noregs beste bedriftsnamn, og i hard konkurranse stakk Kringom av med sigeren.

– Vinnaren har funne eit dekkjande og godt norsk namn til å beskrive verksemda si. Kringom illustrerer kollektivtrafikken i eit fylke med lange reiseavstandar veldig godt. Det er enkelt, kreativt og eit modig val, og det går fint inn i den språklege tradisjonen, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Vinnaren vart kåra av ein jury med representantar frå Språkrådet og Arne Hjeltnes og annonsert i Nitimen tysdag 14. juni. Kringom vann i konkurranse med 382 namn frå heile landet.

– Kandidatane fordelte seg over mange ulike bransjar, og det var ikkje lett å kåre ein vinnar, seier Wetås.

I tillegg til gulldiplomet får fem regionale vinnarar kvart sitt diplom:

  • Nord-Noreg: Han Sylte, produsent av marmelade i Valnesfjord i Nordland
  • Midt-Noreg: Skrythals, reklamebyrå i Namsos i Nord-Trøndelag
  • Vestlandet: Ægir, mikrobryggeri i Flåm i Sogn og Fjordane
  • Sørlandet/Telemark: Høgt heva, steinomnsbakeri i Tinn i Telemark
  • Østlandet: Parat, arbeidstakarorganisasjon i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund i Oslo

– Oppslutninga om konkurransen viser at mange norske bedrifter er opptekne av å kommunisere godt med kundane gjennom å velje eit norsk namn. Det er veldig flott å sjå, og vi håpar endå fleire blir overtydde om at morsmålet er det beste valet i bedriftsverda, seier Wetås.

Kontakt

kommunikasjonssjef Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135
direktør i Språkrådet Åse Wetås, tlf. 915 84 933

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.06.2016 | Oppdatert:23.06.2016