I gang med klimaordliste

No image

(8.6.16) Språkrådet har saman med klimaforskarar ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret sett i gang eit prosjekt som skal munne ut i ei fagordliste for klima. Mange studentar les lærebøker om klima berre på engelsk, og mykje av forskinga vert publisert på framandspråket. Samstundes er klimafeltet svært viktig for norsk offentlegheit, arbeidsliv og næringsliv. Derfor trengst det gode norske fagtermar.

Prosjektgruppa skal gjennom ein toårsperiode lage ei fagordliste med engelske og norske fagtermar i tillegg til definisjonar. Fagordlista vil hjelpe studentar til å ta med seg eit velutvikla norskspråkleg omgrepsapparat på klimaområdet anten på eksamen eller ut i arbeidslivet seinare.

Prosjektet er tverrfagleg med deltaking frå fleire ulike naturvitskaplege disiplinar. Etter kvart vil også samfunnsvitskaplege disiplinar kome med.

Klimaordlista vil verte lagd inn i Språkrådets termwiki, der fagordlister frå andre felt også er tilgjengelege.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter