Frukostseminar med utdeling av statens klarspråkspris 2015
(12.2.2016) Kven vinn klarspråksprisen for 2015? Og kva er eigentleg problemet med språket i lover og forskrifter? Svar får du på frukostseminaret 3. mars.
Program
Opning
Ingelin Killengreen, direktør i Difi
«I lovens hule»
Anna Senje, seniorrådgivar i Språkrådet
Språket i lover og forskrifter påverkar språket i mange andre tekstar frå det offentlege. Men lover og forskrifter kan vere vanskelege å forstå. Kva er problemet, og kva kan vi gjere for å løyse det?
Utdeling av statens klarspråkspris
Statsråd Jan Tore Sanner, Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Prisen blir i år delt ut for sjuande gong og går til eit statsorgan som har gjort ein ekstraordinær innsats for å betre språket i tekstane sine.
Vi deler ut fleire prisar.
Prisvinnarane har ordet
Vinnarane av prisane fortel om klarspråksarbeidet sitt, erfaringar, suksessar og fallgruver.
Avslutning
Ingelin Killengreen, direktør i Difi
Tid: torsdag 3. mars 2016 frå 08.30 til 10.30
Det blir servering av kaffi og enkel frukost 08.00. Programmet startar 08.30.
Stad: Oslo konserthus, Lille sal, Munkedamsv. 14, Oslo (kart)
Målgruppe: tilsette i offentleg sektor
Pris: seminaret er gratis
Påmeldingsfrist: 29. februar 2016
Ansvarleg: Marta Kari Schawlann, e-post msc@difi.no, mobil 482 74 599 Seminaret blir overført på nettet, og opptaket blir lagt ut etterpå.
Lenka til sendinga finn du her på nettstaden før seminaret.