Bli med på namnevandring under Oslo kulturnatt!

No image

(12.9.16) Fredag 16. september inviterer Språkrådet til namnevandring frå St. Hanshaugen via Telthusbakken til Akerselva.

Frå St. Hanshaugen er det god utsikt mot Rådhuset og fjordlandskapet, og det gjev høve til å kommentera namn i omgivnaden av Oslo. Turen går ned Bergstien til Gamle Aker kirke der opphavet til namnet Aker kan søkjast. Vidare går me ned den historiske Telthusbakken før me endar opp ved Akerselvas breidder. Undervegs vert gatenamna kommenterte og sette inn i ein historisk samanheng.

Frammøte ved det gule tårnbygget på toppen av St. Hanshaugen klokka 19. Vel møtt!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter