– Mastergradsstipendet var ein døropnar

No image

(14.4.16) Språkrådet skal i 2016 dele ut inntil fem stipend til studentar som skriv om utvalde språkpolitiske emne. Trude Bukve fekk stipend i 2010 og meiner det har vore svært viktig for den vidare akademiske karrieren.

Bukve fekk støtte til å undersøkje kva økonomistudentar synest om bruken av engelsk og norsk fagterminologi. Pengane brukte ho på å skaffe seg eit nettverk.

– Stipendet gav meg sjansen til å reise rundt på konferansar og presentere mastergradsprosjektet mitt. Såleis fekk eg skaffa meg kontaktar både i Noreg og internasjonalt. Det gjorde prosjektet mitt betre, og vart til slutt sterkt medverkande til at eg bestemte meg for å gå vidare med doktorgrad, seier Trude Bukve.

Ho opplevde pengane som ei tillitserklæring og ein motivasjonsfaktor.

– Det var veldig motiverande å vite at det var fleire enn rettleiaren og sensorane som venta på oppgåva mi. Dermed vart det til dømes aldri noko alternativ å utsetje innleveringa, seier ho.

Bukve forklarar at ho hadde ein idé om kva ho skulle skrive om før ho såg stipendutlysinga, men at ordninga vart tunga på vektskåla.

– Eg vil absolutt tilrå andre masterstudentar å søkje stipend. For meg har det vore ein døropnar, seier Bukve.

Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje. Stipenda er på 20 000 kr kvar. I år ønskjer vi søknader med tema innanfor desse fag- eller emneområda (les meir under kvart punkt):

Språkrådet vil prioritere søknader som er gjennomarbeidde og som kan gje kunnskap om viktige nye utviklingstrekk.

Søknaden må innehalde

  • ei prosjektskisse på maksimum tre sider med framdriftsplan
  • ei tilråding frå rettleiaren

Stipendmottakarar må skrive under på ein avtale som mellom anna gjev Språkrådet rett til å leggje ut oppgåva på internett.

Send søknaden på e-post innan 15. september 2016.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter