– Klarspråksprisen har gjeve oss ny energi

No image

(18.10.16) Fristen for å nominere kandidatar til Klarspråksprisen 2016 er 21. oktober. Fjorårsvinnaren Lotteri- og stiftelsestilsynet seier prisen både var ei anerkjenning av eit målretta arbeid og ei forplikting for framtida.

– Det var ei fantastisk oppmuntring for eit lite tilsyn å vinne Klarspråksprisen, og det har gjeve oss ny energi i klarspråksarbeidet, seier Anne Mette Hjelle, kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Tilsynet i Førde hadde jobba målretta med klarspråk i fleire år før dei fekk prisen. Og dei stoppar sjølvsagt ikkje her.

– Ein slik pris forpliktar for framtida, men vi har heldigvis funne eit passande satsingsnivå som gjer det uproblematisk for organisasjonen å halde fram med arbeidet over tid, seier Hjelle.

I år har ho sjølv kome med i juryen for Klarspråksprisen, og ho gler seg til å vere med i arbeidet.

– Eg ser på vervet som ei tillitserklæring og endå ei anerkjenning av det arbeidet vi har gjort.

I år kan kommunane òg nominere kandidatar, og Anne Mette Hjelle har ei klar oppmoding til dei.

– Små kommunar må òg hive seg på klarspråksarbeidet! Ein treng ikkje ha ei stor kommunikasjonsavdeling for å setje i gang. Vi i Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit bevis på at òg dei små kan lykkast, seier Hjelle.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter