Tale ved utdelinga av Språkprisen 2015

No image

(19.11.15) God sakprosa er klokt tenkt og godt skriven, og den som ikkje meistrar språket, kjem før eller seinare til kort. Det sa Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet, då Einar Økland fekk Språkprisen 2015.

Pristale ved styreleiar Ottar Grepstad på Språkdagen 18. november 2015

Når skrika har stilna, treng vi tekstane. Songen kan forme fellesskap, artikkelen kan leite etter forklaringar, diktet kan opne nye utvegar. Alt etter høve har diktinga og sakprosaen ulike funksjonar, og ingen av dei milliardane som kan lese og skrive, kan vere noko av dette forutan.

Nesten alt vi tek for gitt i dag, blei ein gong skrive ned. I skrift kan mykje haldast fast som elles hadde gått tapt. Dei verdiane som no skal sikrast og styrkjast, står så sterkt som dei gjer fordi så mange har sett ord på dei dag etter dag, år for år, liv etter liv. Gjennom skrift kan vi oppdage mangt som vi ikkje visste om, som ikkje verka viktig, som brått er blitt nødvendig.

Så viktig kan også sakprosaen vere. God sakprosa er klokt tenkt og godt skriven, og den som ikkje meistrar språket, kjem før eller seinare til kort. Slikt er lettare sagt enn gjort. Det vit dei 24 forfattarane som frå og med 1992 har fått det som først heitte Norsk språkpris, og som no heiter Språkprisen.

I fjor gjekk Språkrådet over til å dele ut prisen skiftevis til ein bokmålsforfattar og ein nynorskforfattar. Den 25. vinnaren av den fremste prisen i landet for framifrå sakprosa er dermed ein nynorskbrukar, for ikkje å seie ein nynorsking.

Språkrådet skal vere der språkbrukarane er. Kvart år gir vi våre språkråd både ut til mange tusen i deira kvardagar og innover til dei mange i forvaltninga og våre politisk overordna. Kva som er god språkbruk, markerer vi først og fremst ved å framheve dei beste og heidre dei med Språkprisen.

Den prisen kan gå til skrivande sjeler på alle sentrale samfunnsområde, til ein person eller til ei gruppe, og den kan givast for eit enkeltverk eller ein større produksjon dei siste fem åra. Prisvinnaren får eit diplom som fortener veggplass – om noko skulle vere ledig – og 100 000 skattefrie kroner.

Ein jury oppnemnd av styret vurderer alle kandidatane og avgjer kven den eine skal vere. Styret strør blomar, ikkje sand, på vedtaket. Juryen har altså siste ordet, og det veit dei å bruke. Bibliotekfagleg direktør Kjartan Vevle har vore juryleiar, og han har hatt med seg historikar og forfattar Aina Basso, førsteamanuensis Torill Opsahl, og journalist og forfattar Morten A. Strøksnes.

I fjor drøfta juryen 32 bokmålsforfattarar. I år drøfta og vurderte juryen 25 nynorskforfattarar. Ingen jury tek lett på ei slik oppgåve. Den oppgåva blir ikkje enklare ved at juryen for første gong skulle offentleggjere ei kortliste. Førre veka kunngjorde såleis juryen at dei seks utvalde kandidatane til prisen er Alfred Fidjestøl, Kristin Fridtun, Erna Osland, Morten Søberg, Øyvind Vågnes og Einar Økland.

Eg gratulerer dei alle med den heideren det er å bli nominert til denne prisen!

Juryen har bestemt seg og grunngir valet med det myndet som kan skrivast inn i ein kort sakprosatekst.

Prisvinnaren i år har skrive for alle aldrar og i alle sjangrar gjennom eit langt liv. Vi talar om over 80 bøker; om tallause tilfelle av lått og tankesprang og nye måtar å sjå ein flik av røynda på. Somtid kan han få sjølv det minst sette emnet til å verte viktig og relevant. Andre gonger skriv han leseverdige, ofte både humoristiske og poetiske tekstar om tilsynelatande unyttig kunne.

Han har like stor vyrdnad for store som for små. Alltid er språket godt tilpassa målgruppa, sjølv om  ein stundom kan tvile på om han veit kva lesargruppe han skriv for. Forfattaren kan kunsten å skape ei lesargruppe og å fange lesaren frå første side.

Korleis skrive ei bok med eit tema dei færraste har ofra ein tanke i sitt vaksne liv? Vinnaren av språkprisen i år kan løfte det kvardagslege opp på eit nivå der lesaren både kan humre og le og tenke utenkte tankar. Han følgjer ikkje alltid mediestraumen og gjev oss ofte kunnskap ingen andre har brydd seg med å skrive om.

Vinnaren skriv klokt. Med velvalde ord skriv han om det vi andre har gløymt eller oppfattar som så trivielt at det ikkje er til å bruke ord på. Sjølv seier han om nokre bilete at «ting blir viste anten sett frå sida eller direkte ovanfrå». På same måte brukar han språket til å gje både oversikt og sideblikk. Språket er prega av overskot, krydra med refererande setningar og  innskotne personlege synspunkt på ein måte som gjer teksten lett å lese og skaper nyfikne.

Kven andre kunne skrive ei heil – både underhaldande, poetisk og lærerik – bok –  om noko så ubetydeleg og kvardagsleg som malebøker? «Å studere malebøker historisk er som å studere brukt tyggegummi historisk», skriv forfattaren. «Smaken er borte. Brukssituasjonane er borte.»

Likevel får vi som lesarar gjennom praktverket Norske malebøker ta del i ei kulturhistorie som på same tid er framand og inderleg kjend. Prisvinnaren har gjort ei imponerande kartlegging av feltet og er som alltid ein kunnskapsformidlar av øvste klasse.

«Alle kantar er utkantar, same korleis ein snur seg», seier han i ei av bøkene sine. Og kanskje er prisvinnaren sjølv ein utkant. Ikkje berre bur han i «utkanten»; han skriv ofte om det som vert oppfatta som utkantar i mediebiletet. Men det finst ikkje noko perifert over prisvinnaren sin forfattarskap. Han står midt i tradisjonen med å nytte nynorsken til å skape glede, humor og ettertanke i eit mangfald av sjangrar og format.

Årets prisvinnar har ei sjeldan breidde og vinn prisen for dei to siste bøkene: Norske malebøker (2012) og den per definisjon sprikande artikkelsamlinga Fotgjengar med fotnotar (2013).

Vinnar av Språkprisen 2015 er Einar Andreas Økland.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter